Vennebyen - Jumpis bursdag!

Vennebyen - Jumpis bursdag. Plakat.
Vennebyen - Jumpis bursdag. Plakat.
Torsdag, 13 oktober, 2016 klokka 18:00

For første gong skal Vennebyen på turné med ei fullverdig teaterframsyning tilrettelagt for kulturhus.

Her får borna møte dei tre heltane Apa, Ted og Elfie og den klønete, men ein alltid like entusiastisk Jumpi i ei heilt ny kulturhusframsyning: Jumpis Bursdag. "Apa, Ted og Elfie planlegg ein stor overraskingsfest til Jumpi sin bursdag, men det er ikkje alt som går etter planen. Apa og hans vener må rydde opp før bursdagsbarnet finn ut kva som foregår, og det oppstår mange forviklingar og komiske situasjonar. Framsyninga byr på både humor og spenning, song og dans, og sjølvsagt ein stor bursdagsfest med magiske trylletriks! 

Vennebyen er eit norskutvikla barnekonsept som har gjort stor suksess både i Noreg og resten av verda. TV-serien om Vennebyen er seld til meir enn 180 land, og er med det Noregs største internasjonale TV-suksess nokonsinne.

Framsyninga bygger på barn sine fascinasjonar for naudetatane, med apekatten Apa i hovudrolla som politirekrutt, godt supplert av elefanten Elfie og bjørnen Ted som er rekrutter i brannvesenet og ambulansetjenesten. Saman har dei tre samarbeidd om store og små oppdrag og sjarmert born over heile verda sidan debuten.

Den opprinneleg konserten med Wayne Brasel group som var satt opp denne datoen er dessverre avlyst
Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: