"Vi bare spøker"

Vi bare spøker. Illustrasjon: Teatret Vårt.
Vi bare spøker. Illustrasjon: Teatret Vårt.
Onsdag, 11 november, 2015 klokka 19:00

Stilfull komedie med stort ensemble og swingande musikarar. Klart det blir snodige forviklingar med ei ekskone som spøkjer i bakgrunnen. Bokstaveleg talt. Ein komedie heilt hinsides!

Forfattaren Charles Condomine vil skrive ei bok om ein bløffmakar som lurer folk til å tru på det okkulte. I utgangspunktet synest han det er ein lur idé å halde ein privat seanse for ein mindre krets av gjestar, og inviterer den klarsynte Madame Arcati heim til seg. Både han sjølv og gjestane hans er småbrisne og ikkje særleg innstilte på det overnaturlege. Ein smule motstand i rommet stoppar likevel ikkje den fargerike og energiske Madame Arcati; og sjølv om stort sett alt går gale under seansen, lykkast dei trass alt å påkalle eit vaskeekte spøkelse. Dessverre er det berre Charles som kan sjå og høyre det. Og kva verre er: det er ekskona hans, og ho nektar å forsvinne. 
Sjalusidramaet mellom den døde og levande kona hans utløyser sjølvsagt sporenstreks oppvaskmøte i begge ekteskapa til Charles. Dødsmorosamt? Ja, men ikkje for Charles.

I spissen for eit stort ensemble står Vivi Sunde i den ikoniske rolla som Madame Arcati og Lars Melsæter Rydjord som den plaga forfattaren Charles Condomine. Jazztrioen «Storywell» spelar tidsriktig swingjazz i framsyninga.

av Noel Coward.
Regi: Thomas Bjørnager 
Parykk og maske: Cårejånni Enderud.
Musikarar: Gunnar Bech (vokal/trombone), Torstein Fuglseth (gitar), Terje Venås (bass). 
Medverkande: Vivi Sunde, Lars Melsæter Rydjord, Melina Tranulis, Line Heie Hallem, Hugo Mikal Skår, Nasrin Khusrawi og Marte Stolp.

Stilfull komedie med stort ensemble og swingande musikarar. Klart det blir snodige forviklingar med ei ekskone som spøkjer i bakgrunnen. Bokstaveleg talt. Ein komedie heilt hinsides!

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: