Vi bare spøker - Teatret Vårt

Vi bare spøker. Foto: Teatret Vårt.
Vi bare spøker. Foto: Teatret Vårt.
Laurdag, 14 november, 2015 klokka 18:00

Stilfull komedie med stort ensemble og swingande musikarar. Klart det blir snodige forviklingar med ei ekskone som spøkjer i bakgrunnen. Bokstaveleg talt. Ein komedie heilt hinsides!

I samarbeid med Quality Hotel Ulstein inviterer vi til komisk heilaften, med mat og musikk etter teaterstykket.

Forfattaren Charles Condomine vil skrive ei bok om ein bløffmakar som lurer folk til å tru på det okkulte. I utgangspunktet synest han det er ein lur idé å halde ein privat seanse for ein mindre krets av gjestar, og inviterer den klarsynte Madame Arcati heim til seg. Både han sjølv og gjestane hans er småbrisne og ikkje særleg innstilte på det overnaturlege. Ein smule motstand i rommet stoppar likevel ikkje den fargerike og energiske Madame Arcati; og sjølv om stort sett alt går gale under seansen, lykkast dei trass alt å påkalle eit vaskeekte spøkelse. Dessverre er det berre Charles som kan sjå og høyre det. Og kva verre er: det er ekskona hans, og ho nektar å forsvinne. 
Sjalusidramaet mellom den døde og levande kona hans utløyser sjølvsagt sporenstreks oppvaskmøte i begge ekteskapa til Charles. Dødsmorosamt? Ja, men ikkje for Charles.

I spissen for eit stort ensemble står Vivi Sunde i den ikoniske rolla som Madame Arcati og Lars Melsæter Rydjord som den plaga forfattaren Charles Condomine. Jazztrioen «Storywell» spelar tidsriktig swingjazz i framsyninga.

av Noel Coward.
Regi: Thomas Bjørnager 
Parykk og maske: Cårejånni Enderud.
Musikarar: Gunnar Bech (vokal/trombone), Torstein Fuglseth (gitar), Terje Venås (bass). 
Medverkande: Vivi Sunde, Lars Melsæter Rydjord, Melina Tranulis, Line Heie Hallem, Hugo Mikal Skår, Hanne-Marte Sørlie og Marte Stolp.

Komisk heilaften
I samarbeid med Quality Hotel Ulstein byr vi inn til ein komisk heilaften.

18.00 Teater i Sjøborg
20.00 Bespisning i Oljepiren Restaurant etter forestilling. 
  Apetizer: (fritert ost) altså ikkje en full forrett, men ein «smak»
  Hovedrett: Baby Back Ribs (langtidsstekte miniribber servert med strimlet kålsalat og friterte poteter
  Dessert: New Orleans Cheese cake med bringebærcoulies og marinert frukt. Kaffe.

Storywell Trio spelar i restauranten.

Storywell spiller tidsriktig swingjazz i forestillingen «Vi bare spøker»

Storywell er et nystarta Molde-basert band med musikk som spenner frå New Orleans tradisjon til Sting. Bandet sine medlemmar er Gunnar Bech (trombone/vokal), Espen Krumpolc (trommer), Terje Venaas (bass) og Torstein Fuglseth (gitar/bjo).

Billettpris:
Komisk heilaften kr 745,- (inkl billett, musikk og mat)
Kontakt Quality Hotel Ulstein (tlf 70 01 30 00) for reservering av bord etter du har kjøpt billett.

Ordinær teaterbillett kr 285,-

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: