Vi minnest ... #2 Hydraulikk

Foto: Frank Petronio. Kjelde: ID-huset
Foto: Frank Petronio. Kjelde: ID-huset
Søndag, 26 oktober, 2014 klokka 17:00

I det andre av tre arrangement i serien, 26. oktober, minnest vi den revolusjonerande oppfinninga: Den hydrauliske vinsjen.

 

I samarbeid med Arild Remmereit presenterer Ingebrigt Davik-huset ein serie arrangement hausten 2014 som tek for seg dei gode energiane som har vore med på å forme det lokalsamfunnet vi har i dag. Her blir det samtalar, musikk, og mykje meir!

Arild Remmereit frå Brattvåg har dirigert orkester og operaer verda over gjennom fleire tiår. No vil han tilbake til røtene med prosjektet "Vi minnest ...".

Pioneren Nils. N.F innøy sin motorfabrikk står som ein arnestad for veldig mange industribedrifter i Møre og Romsdal, til dømes Hydraulik Brattvåg - i dag Rolls Royce, Brattvåg. Håkon Sønderland og Einar Røsok, oppfinnarane av den hydrauliske vinsjen, gjekk i lære med Nils N. Finnøy. I samtaler og intervju med lokale gjester, ser vi på den store betydninga både ideen og bedrifta har hatt for samfunnet vårt.

Om programserien seier Arild Remmereit:

"Det er ei stor glede for meg å skulle samarbeide med ID- huset. Etter å ha hatt æra av å stå for den offisielle opninga av huset har eg med stor interesse følgd den fine utviklinga det har hatt.

Samfunnet her var godt å veksa opp i. Etter å ha levd meir enn halvparten av mitt liv i utlandet vil eg seia at modellen her for korleis moralske, etiske, samhald og sosiale spørsmål vert handsama er bedre og riktigare enn i dei fleste land.

For at vårt samfunn skal utvikla seg og vera sterkt- for at bygda vår byggjast- er det av uvurderleg viktigheit at ein verdsett, vernar om, støttar og minnast positiv energi som har blitt og blir lagt att her.

Med utgangspunkt i desse tankane inviterar eg sambygdingar til å vera med å feira personar og hendingar som har mykje å seie for livskvaliteten me nyt.Også vil eg gjerne høyra dykkar tankar om kva som kan vera med å forma framtidige program".

 

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: