Vi minnest ...#3 Skipsen

Foto: Frank Petronio. Kjelde: ID-huset
Foto: Frank Petronio. Kjelde: ID-huset
Søndag, 23 november, 2014 klokka 17:00

I det tredje og siste arrangementet i serien, 23. november, minnest vi byrjinga til dagens Vard: Brattvåg Skipsinnredning.

I samarbeid med Arild Remmereit presenterer Ingebrigt Davik-huset ein serie arrangement hausten 2014 som tek for seg dei gode energiane som har vore med på å forme det lokalsamfunnet vi har i dag. Her blir det samtalar, musikk, og mykje meir!

Arild Remmereit frå Brattvåg har dirigert orkester og operaer verda over gjennom fleire tiår. No vil han tilbake til røtene med prosjektet "Vi minnest ...".

Vi ser på kva slags idear, samarbeid og nybrotsarbeid som gjorde bedrifta sentral i Brattvåg. Kven var menneska som starta dette arbeidet? Kva slags idear hadde dei om samfunnet dei var med på å bygge? Slike spørsmål vil vi ta opp i form av samtale og intervju med lokale gjester.

I tillegg til dette vil vi i løpet av hausten tilby ein serie kurs der talentfulle born, unge og også vaksne musikalsk rettleiing frå Arild Remmereit – og målet er at det musikalske materialet som kjem ut av desse møta blir presentert på dei tre arrangementa.

Om prosjektet seier Arild Remmereit:

"Det er ei stor glede for meg å skulle samarbeide med ID-huset. Etter å ha hatt æra av å stå for den offisielle opninga av huset har eg med stor interesse følgd den fine utviklinga det har hatt.

Samfunnet her var godt å vekse opp i. Etter å ha levd meir enn halvparten av mitt liv i utlandet vil eg seie at modellen her for korleis moralske, etiske og sosiale spørsmål vert handsama er ofte betre enn i mange land.

For at eit samfunn skal utvikle seg og vere sterkt - for at bygda byggjast - er det viktig at ein vernar om, støttar og minnast positiv energi som har blitt og blir lagt att her.

Med utgangspunkt i desse tankane inviterer eg sambygdingar til å vera med å feira personar og hendingar som har mykje å seie for livskvaliteten me nyt.”

 

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: