Vidar Johnsen og Rita Eriksen

Vidar Johansen og Rita Eriksen. Pressefoto.
Vidar Johansen og Rita Eriksen. Pressefoto.
Fredag, 30 oktober, 2015 klokka 20:00

I 2015 er det 30 år sidan Vidar Johnsen starta sin karriere som artist. Til Fosnavåg vil han også ha med seg Rita Eriksen

Saman med bandet vil Johnsen presentere ein varm miks av kjende VAMP og Johnsen & Nordberg – slagarar, og sjølvsagt låtar frå hans til no siste album «Galskapens Land». Johnsen er også aktuell med dei nye låtane, "Kim va der for deg" og FRI. 

Gullstrupen Rita Eriksen frå Stavanger, ga i fjor ut albumet “Øyeblikk”, som berre slår fast hennar status som ein av Noregs fremste artistar. På det siste albumet har ho også bidratt med eigne tekstar og melodiar. Vidar Johnsen og Rita Eriksen har stått på same scene ei rekke gonger, med m.a. VAMP-melodien “Tir`na Noir”, som  har fått fram sterke kjensler i publikum.

I tillegg til å vere plateartist og låtskrivar gjennom heile sin snart 30 år lange karrière, har Vidar Johnsen gjort rundt 100 konsertar i året dei siste 14 åra. Johnsen si medverknad på NRK sin Stjernekamp har også gjort eit breidare publikum kjend med artisten. Også Rita Eriksen fikk vist seg fram på det populære TV showet, og drog også sigeren i hamn.

Vidar Johnsen er nok for veldig mange musikkelskarar mest kjend for si tid som vokalist i Haugesunds-gruppen VAMP, der han var med frå 1999 - 2006. 

 

Vidar var mellom anna med på radiohiten og livefavoritten ”Fuglane vett” på Vamp-albumet ”Månemannen», som kom ut i 2002

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: