Visekveld med Herøy mannskor

Herøy Mannskor. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Herøy Mannskor. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Torsdag, 23 mars, 2017 klokka 19:00

Her vert det mange høgdepunkt og mykje humor

Herøy mannskor kjem til å glede mange med visekvelden sin. Dei har henta fram kjende og kjære viser av slike som Alf Prøysen og Jakob Sande, Evert Taube og Erik Bye. Og sjølvsagt Bassar. Innimellom dei gamle kjenningane får vi også få smake på fine, men litt meir framande viser.  Nokre gongar i programmet skal ein berre få høyre på mannskoret og solistane deira, andre gongar får ein vere med å synge sjølv. I tillegg til koret blir det orkester med piano, trekkspel og bass.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: