Volda v.g.s: The Cream of Soul

The Cream of Soul. Pressefoto: Volda v.g.s.
The Cream of Soul. Pressefoto: Volda v.g.s.
Tysdag, 14 februar, 2017 klokka 19:30

Volda vidaregåande skule presenterer musikalen «The Cream of Soul». Musikalen er skriven og regissert av Jan Terje Eidset og er inspirert av store hitar frå Motown-miljøet i USA på 60- og 70-talet og filmen «Dreamgirls» med bl.a. Beyonce. Av kjende artistar frå Motown-miljøet kan vi til dømes nemne The Supremes, The Jackson 5, Stevie Wonder, Marvin Gaye og mange fleire.

Kvart år set musikk- og medielinja ved Volda vidaregåande skule opp musikal som ein del av undervisninga, og dette har etter kvart blitt eit stort tverrfagleg prosjekt som skulen er svært stolte av å vise fram for regionen vår. Over 100 elevar og lærarar som er involverte i prosjektet gler seg no storveges til å vise fram sine mange talent.

I år er handlinga lagt til ein storby i moglegheitenes land, USA. Og det er nettopp håp og draumar om ei stjernekarriere som ligg til grunn for jentene vi blir kjende med undervegs i forteljinga. Håpet er å vinne verdens største direktesendte talentshow. Men der er mange skjær i sjøen, og både kjærleik, sjalusi, grådigheit og rus er ingrediensar i dette store søket om å nå toppen.

 

Barnebillett gjeld til fylte 15 år. 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: