Von Dess Jubileumskonsert 20år

Von Dess. Fotokjelde: Von Dess Facebook.
Von Dess. Fotokjelde: Von Dess Facebook.
Von Dess
Von Dess
Laurdag, 4 oktober, 2014 klokka 19:00

Laurdag 4. oktober 2014 klokka 19, held Ålesundskoret Von Dess jubileumskonsert i høve 20 års jubileet. Dette vert ein fullspekka konsert med utdrag av songar gjennom to tiår. 

Me stiller med vår dyktige dirigent Solveig Håvik og pianist Johan Sewerin samt Kjetil Strand, Miki Campins og Lars Øverås som skal akkompagnere oss.

Det vert og høve til å kjøpe drikke i kunstforeninga sine lokale på kulturhuset før, og i pausa av konserten.

Prisen på konserten er 250 kroner og du kan kjøpe billettar her: http://www.alesund.kommune.no/sub/kultur/

Litt om Von Dess: Von Dess vart starta i 1994 og har på 20 år halde uttallige konsertar og delteke på korkonkurransar både i inn- og utland. Høgdepunkta har vore å vinne to gongar i Bergen, i konkurransen Syng for oss og fått sølvdiplom i konkurransen Canta al Mar, i Callella, Spania. Vidare har me halde konsert saman med Peter Jöback, til stor glede for publikum og julekonserten i fjor saman med Bror Magnus Tødenes. No står me altso på eigne bein, og det vert ein tettpakka konsert med variert innhald.

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: 
Tema: