Wenche Myhre

Wenche Myhre. Pressebilete. Fotokjelde: ID-Huset.
Wenche Myhre. Pressebilete. Fotokjelde: ID-Huset.
Torsdag, 5 november, 2015 klokka 19:30

Det er ikke så ofte ein kan beskrive nokon som ei levande legende, men i dette tilfellet er det så definitivt på sin plass! 

Wenche Myhre er ein av våre mest folkekjære artistar med eit utal utgjevingar, hits, prisar og andre karrierehøgdepunkt. Allereie som 8-åring hadde ho si første offentlege opptreden (med far og bror), før ho på 60-talet hadde stor suksess både på singellistane, filmlerretet og ikkje minst i Melodi Grand Prix. Kven hugsar ikkje "La meg være ung" i 1964? 

Hennar diskografi er imponerande, såleis er hennar bidrag til showbiz i både Norge, Sverige og Tyskland. Ho er også ein av ytterst få nordmenn som har lukkast å leggje Mellom-Europa for sine føter. Entertainerens allsidige repertoar, det være seg sang, komikk, programleiarjobbar eller musikalar, har fanget publikum gong på gong. Hennar leikelyst og kjærleik til faget har i alle desse åra stadig brakt ein “ny” Wenche ut i ljuset. 

No, i 2015, er ho stadig like vital og full av kjærleik til musikken og kjærasten Anders Ejlas, ein av Europas fremste arrangørar og dirigentar, som ho turnerer saman med denne gongen.

Det er med stoltheit vi gir dykk vår alles kjære, Wenche Myhre!

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: