Workshop: Breakdance

Laurdag, 31 august, 2013 klokka 12:00

Lær dei grunnleggande teknikkane bak breakdance!

Danseinstruktør Eero Taina er opprinneleg frå Finland, men har bodd heile sitt vaksne liv i Noreg og USA. 29-åringen er ein del av Artesan Dance Company, eit voksande selskap i California som består av moderne dansarar, b-boys, ballerinaer og urbane dansarar frå heile verden.

Frå California, via sin base i Ålesund, kjem Taina til Ingebrigt Davik-huset for å halde kurset «Foundations of Breaking» - eit kurs som tek for seg alle grunnleggande «moves» innan breakdance; toprock, floor rock, freezes og power moves.

Kurset passar for alle, enten du har lite eller ingen erfaring med breaking frå før. Så da er det berre å melde seg på og la seg inspirere! Obs! Få plassar!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: