Yours Truly Kvartett

Jazzsongarinna Gine Gaustad Anderssen. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Jazzsongarinna Gine Gaustad Anderssen. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Fredag, 2 september, 2016 klokka 20:00

Jazzsongarinna Gine Gaustad Anderssen tek med seg tre spennande musikarar til Ingebrigt Davik-huset for premiere med "Yours Truly Kvartett"  og formidling av sterke, sarte, nydelege jazzlåtar.

Etter tre turnéar i Japan ilag med Yashuito Mori og hans band"Scandinavian Connection", bestemde jazzsongarinna Gine Gaustad Anderssen seg for å vise Yashuito Mori heimstaden sin - Tennfjord på Sunnmøre. Med 129 CD-innspelingar er Mori ein enormt erfaren kontrabassist som har spelt blant anna med Stan Getz.

Med seg til Sunnmøre har Gine også to strålande norske jazzmusikarar. Både pianisten Ove Billington og trommisen Hermund Nygård er kjende namn med mange aktuelle band og samarbeid. Hermund er fast trommeslager med "Hilde Louise Asbjørnsen & the Orchestra" og i "The Real Thing". Ove spelar fast i "Yours Truly Duo" og i "Majken Christiansen Kvartett", og han er no plateaktuell ilag med kona si og sangerinna Dina Billington.   

YOURS TRULY KVARTETT

Gine Gaustad Anderssen - song

Ove Billington - piano 

Yasuhito Mori - kontrabass 

Hermund Nygård - trommer

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: