Ytre Suløens Jass-Ensemble

Laurdag, 10 desember, 2011 klokka 19:30:00

Ytre Suløens Jass-Ensemble byr på ei spanande blanding av tradisjonell jazz og nyare stilretningar, framført med den sjeldne blandinga av trøkk og kjensle som gjennom åras løp har blitt bandets varemerke. New Orleans-musikken har alltid vore fundamentet og hovedideen bak bandet, og med vokalist Tricia Boutté, som sjølv er født og oppvaksen i hamnebyen ved Mississippis utløp, kjem historia enda nærare. Her finn du ragtime, gospel, litt karibisk musikk, blues og swing. Resultatet er då også eit unikt repertoar og eit unikt uttrykk som kort og godt blir omtalt som Ytre Suløen-sounden. Nytt bandmedlem i 2011 er trompeteren Sturla Hauge Nilsen som har erstatta Kåre Nymark. Hauge Nilsen går på musikklina ved NTNU i Trondheim og har andre bandprosjekt som Adonic og Kurång.

Tricia Boutté vokal, Jan Inge Mella Melsæter - trombone, Sturla Hauge Nilsen - trompet, Jens Arne Molvær - klarinett, David Gald - tuba, Morten Gunnar Larsen - piano, Einar Aarø, Banjo, Ottar Anderson trommer.

Vi har og bede Strandakoret vere med i høve 40-års jubileet, og lovar ein flott førjulskonsert i ekte Suløen-stil.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6200
Stranda
Kommune: