YTRE SULØENS m/ Tricia - jazzklubb m/ bar og bord

Ytre Suløens Jass-Ensemble og Tricia Boutte-Langlo. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Ytre Suløens Jass-Ensemble og Tricia Boutte-Langlo. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Fredag, 5 desember, 2014 klokka 21:00

Ytre Suløens Jass-Ensemble har sidan starten i 1973 vore på Stranda mange gongar og i ymse samanhengar. I Storfjord Kulturhus har vi fått høyre den eine flotte konserten etter den andre - dei siste åra med jazzsongarinna Tricia Boutte-Langlo i spissen.

Orkesteret, som etter kvart har vorte kjende i store delar av verda, har gjennom tida hatt mange samansetningar, og dei som har levd ei stund hugsar sjølvsagt godt namn som Førde,Tafjord, Molvær, Melsæter og Nymark. I det siste har samansetninga vorte endra igjen. Heidersmannen Ottar Anderson er borte og klarinettkunstnaren Jens Arne Molvær har trappa kraftig ned. Den einaste som no er att frå originalbandet er Einar Aarø, som framleis trakterer banjoen i fint driv.

Dei nye bandmedlemane har gitt nytt liv til ensemblet, som i den siste utgåva står fram friskare og betre enn nokon gong. Det er berre å glede seg til ein swingande klubbkveld i kulturhuset. Vi tender stearinlysa og opnar baren.

Desse er med:

Tricia Boutté-Langlo - vokal, Einar Aarø - banjo, Morten Gunnar Larsen - piano, David Gald - tuba, Lars Frank - clarinet/saxofon, Sturla Hauge Nilsen - trompet, Andreas Rotevatn - trombone og Kristoffer Tokle - trommer.

 

Bill. kr. 250,-

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: