ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Ålesundskinoane består av Løvenvold kino i sentrum med ein sal som har plass til 192. Kinoen på Moa har plass til 132 stk i sal 1, 86 stk i sal 2 og 63 stk i sal 3.
Bygdekinoen er Film & Kino sitt tilbod om kino på steder som ikkje har egen, fast kino. Bygdekinoen har eige mobilt utstyr og viser film i alle typar lokale og er en enkel og grei måte å få kino på for steder som ønskjer å gi et kulturtilbod til folk der de bor. Det einaste som trengs er et egna lokale. Bygdekinoen står for film, kinomaskinistar og visningsutstyr.
Haram kino er ein del av det kommunale kulturhuset Ingebrigt Davik-huset. Huset ligg midt i Brattvåg sentrum, og har eige parkeringshus for gjestane.
På Molde Kino har tre salar med fleire førestillingar kvar dag. Kinoen holde til i lokalar i Godtfred Lies Plass 1 i austre del av sentrum i Molde.
Sjøborg kino har 119 seter i ein romsleg og flott sal, med ein særprega arkitektur.
Huset ligg i hjartet av Stranda sentrum, og vart opna i november 1999. I tillegg til kino-/konsertsal med sitjeplass til 300 menneskje i amfi, inneheld huset fleire mindre møtesalar, konferanserom, kafe, kunstutstilling, folkebibliotek og parkeringskjellar
Husets kino, Sunndalsøra kino, har over 700 kinoframsyningar i året. Sunndal kulturhus er og fast spillested for Riksteatret, Teatret Vårt og JazzåTeatret. Kulturhuset har faste utstillingar i Galleri Barbara i samarbeid med Kunstnersenteret i Møre & Romsdal.
Surnadal Kulturhus ligg midt på Skei som er kommunesenteret i Surnadal. Kinosal med 100 plassar.
Tingvoll kino vert frå oktober 2014 driven av Tingvoll kinolag, eit initiativ av frivillige i samarbeid med kommunen, Tingvoll Brygge og Fjordhotell og medielinja ved Tingvoll vgs. I regelen vert det vist to filmar annakvar sundag.
I tillegg er det eigne arrangement med film i samband med t.d. Kulturvekkå og Den store kinodagen.
BILLETTAR: Billettar kjøper du i døra før kinoframsyninga, eller du kan førehandstinga ved å senda
ein epost til tkinolag@gmail.com. Me tek både kontantar og kort.
BILLETTPRISAR: Vaksen, ordinær kr 100 - medlem i Tingvoll kinolag kr 90 Barn, ordinær kr 80 - medlem kr 70
MEDLEMSKAP: Medlemskap i Tingvoll kinolag kostar 100 kr for enkeltpersonar, 250 kr for familie. For å verta medlem kan du anten senda ein epost til tkinolag@gmail.com eller betala inn medlemsavgifta direkte til kontonr. 3910.50.70474. Hugs å merka innbetalinga med namn og epost!
Tomrefjord Kino holdar hus i Idahall som eiast av Tomrefjord Idrettslag. Det er kinoførestillingar kvar søndag, bortsett frå mai til slutten av august, da er kinoen stengt. På Idahall er det plass til ca 350 stk. på kinoframsyningar.
Volda Filmteater driv den kommunale kinoen og held til i Volda samfunnshus. Kinoen har vore i drift sidan 1922 og har til ei kvar tid dagsaktuelle filmar på plakaten.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no