Naturfotograf Geir Magne Sætre, ny gjesteutstiller i minigalleriet til galleri EogE i Fosnavåg.

Fotograf: Geir Magne Sætre
Da går vi for ein ny måte å skildre naturen på. Etter den vellykka maleriutstillinga til Roy A. Dahl er det no fotolinser som fanger motivet i staden for penselen. Det dei allikevel har felles er blikket for gode motiv og utsnitt. Utstillinga opner 2. mars og varer fram til 5. april. Sætre vil være å treffe på opningsdagen frå kl 12.00.

Geir Magne Sætre, 40 år, fra Gursken har motiv fra naturen som hoved interesse. Han ser på foto som kunst og prøver å formidle det gode lyset og stemningane vi har rundt oss i naturen. Spesielt her på kysten av Sunnmøre er det mange flotte stemningar å fange med kameraet. Favorittmotivene hans er kystlandskap med havet som ein del av bilda. I tillegg liker han å jobbe med fuglar og dyr i naturen som motiv. Også små detaljer er spennande å jobbe med. Sætre seier at: «Utviklinga som naturfotograf har vert bratt og intensiv, eg har berre fotografert i 3-4 år, men har allereie  rukke å verte internasjonalt kjent med det spesielle fuglebildet « mirror bird». I 2012 vart det også ei god plassering i NM for naturfotografer og diverse andre fotokonkurranser.


«Eg merker stor interesse for bilda og bildestilen min og det er noko eg setter pris på» seier Sætre.

Emneord: 
Kommune: