Morsmålsshow med Heine Totland og Gisle Børge Styve

Gisle og Heine. Fotograf: Svein Finneide.
Gisle og Heine. Fotograf: Svein Finneide.
Torsdag 23. juni byr Heine Totland og Gisle Børge Styve opp til morsmålsshow i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet. Det blir ikkje jonsokbål i tunet, men eit musikalsk festfyrverkeri frå scena på opningskvelden for Dei nynorske festspela.
Den populære duoen spelar for fulle hus i heile landet, denne våren også på Latter i Oslo. Påstanden deira er at «musikk er kome for å bli». På Dei nynorske festspela slår dei fast at «morsmål er kome for å bli» og lovar ein konsert utanom det vanlege. – Dette blir ein frisk konsert med to av landets beste musikalske underhaldarar, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet.
 
Gisle Børge Styve frå Førde er mest kjend som den eine pianisten i NRK-programmet «Beat for beat». Han har også i ei årrekkje turnert med eigen jazztrio og ikkje minst med bømlingen Heine Totland. Totland har bakgrunn frå mannskoret Gli Scapoli, som songar på «Skal vi danse» og dessutan fleire musikaloppsettingar. Han hadde hovudrolla i rockeshowet «The Buddy Holly Concert» og er ein songar med stor spennvidde og repertoar.
Billettane er alt lagde ut for sal. Heile programmet for Dei nynorske festspela 2016 blir presentert onsdag 6. april.
Emneord: 
Kommune: