Skal fordele rekordsum til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Ellingsøy idrettshall i Ålesund får innvilga tre millionar kroner i spelemidlar, dersom tilrådinga blir vedteke. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ellingsøy idrettshall i Ålesund får innvilga tre millionar kroner i spelemidlar, dersom tilrådinga blir vedteke. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
31. mai 2016 tildeler kultur- og folkehelseutvalet over 70 millionar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Dette er den høgaste summen utvalet nokon gong har fordelt.

-Dersom utvalet følger tilrådinga frå fylkesrådmannen, vil 63,4 millionar gå til ordinære anlegg og nesten 7,4 millionar kroner til nærmiljøanlegg, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Møre og Romsdal har i år den 7. høgste tilskotsramma i landet, med 265 søknader fordelt på 34 kommunar. Godkjent samla anleggskostnadar,  er på over 1,8 milliardar kroner.

Fylkesrådmannen har positiv tilråding på i alt 100 av søknadane. Tilrådinga er basert på politiske prioriteringar, innspel frå kommunane og Møre og Romsdal idrettskrets . Dersom forslaget til tideling blir følgt, vil 25 prosent av dei godkjente søknadane få tildelt midlar.

-Dette viser at behovet for anlegg til idrett og fysisk aktivitet er langt større enn det vi har midlar til, seier Wedlog Olsen.

Anlegg som skaper mest mogleg fysisk aktivitet i befolkninga, er prioritert i årets tildeling. Av anlegga som blir prioritert i år kan nemnast Moldebadet, Hatlane Idrettshall, Kristiansund stadion og Den Trondhjemske Postvei i Stranda kommune.

Her kan du lese heile saksframlegget

Kommune: