Kultursekk barnehage blir forlenga til 2018

Foto: Lars Opstad, Rikskonsertene/Kulturtanken.
Foto: Lars Opstad, Rikskonsertene/Kulturtanken.
Kultur- og folkehelseutvalet vedtok sist veke å forlenge ordninga Kultursekk barnehage fram til juni 2018. -Det vil seie at barnehagane som er med i Kultursekk barnehage får kulturtilbod også dei to neste åra, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Vedtaket fører også til at fylkeskommunen skal arrangere Kulturtorg med barnehageprogram i januar 2017.

Arbeider for å bli pilotfylke

Prosjektet er godt motteke av kommunane som deltek, og tilbakemeldingane frå barnehagane er positive. Det er gjennomført Kulturtorg for barnehagane i tre år, mellom anna i samarbeid med Rikskonsertane. Møre og Romsdal fylkeskommunen har i fleire år hatt ønske om å bli pilotfylke for Kultursekk i barnehage, men har fått avslag på søknadene til Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.  Ordninga har til no vore vidareført med fylkeskommunale midlar.

- Vi meiner det er viktig at ordninga også omfattar dei minste borna, og vil fortsatt arbeide for å bli pilotfylke for Kultursekk barnehage, seier fylkeskultursjefen.

Sjølv om ordninga no er utvida til 23 kommunar, er det ønskeleg at Kultursekk i barnehage blir fylkesdekkande. -Vi håpar også at ordninga kan fortsette vidare etter 2017/2018, seier fylkeskultursjefen.  For å få til dette vil kulturavdelinga jobbe aktivt opp mot Kulturtanken, som har fått ansvaret og mandat for Den kulturelle skolesekken.

Den kulturelle skolesekken 

Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt ei sentral rolle i utviklinga av Den kulturelle skolesekken frå starten i 1996 og fram til i dag. Ordninga var godt etablert i Møre og Romsdal då den nasjonale ordninga starta opp i 2002. I dag er alle dei 36 kommunane og alle dei vidaregåande skolane med i ordninga.

Det daglege arbeidet med Den kulturelle skolesekken på nasjonalt nivå vart hausten 2015 lagt til Rikskonsertene, som fikk eit nytt mandat. Arbeidet med å etablere ein ny etat for Den kulturelle skulesekken har pågått i 2016 og ei ny organisering skal vere klar til 2017. I april 2016 vart det klart at Rikskonsertane blir Kulturtanken og i juni vart Marie Holvik tilsett som ny direktør.

I 2009 starta Møre og Romsdal fylkeskommune forsøk med Kultursekk i barnehage. I dag er 23 kommunar med i ordninga.

Kommune: