Z for sorry

Z for sorry. Bokomslag: Det Norske Samlaget.
Z for sorry. Bokomslag: Det Norske Samlaget.
Marit Kaldhol. Foto: Øyvind Eide. Det Norske Samlaget.
Marit Kaldhol. Foto: Øyvind Eide. Det Norske Samlaget.
Marit O. Kaldhol ungdomsbok Z for sorry lanseres torsdag 2. mars 2017.

 

Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med det gamle. Ho skal berre danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.

Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg?

Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.

 

Marit Kaldhol har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintil (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den største barnebokprisen i verda, for tredje gong.

Kjelde: Det Norske Samlaget

Ungdom

ISBN: 9788252193961

Emneord: 
Kommune: