Ivar Aasen 199 år på søndag!

Ivar Aasen
Ivar Aasen 1871. Foto: Ivar Aasen-tunet
Ottar Grepstad
Direktør Ottar Grepstad held foredrag. Foto: Ivar Aasen-tunet
gjenstander
Gjenstander etter Ivar Aasen er utstilt. Foto: Ivar Aasen-tunet
Søndag 5. august markerer vi 199-årsdagen for Ivar Aasen med ei spesialomvising der publikum får sjå Aasen-gjenstandar vi aldri har vist i basisutstillinga, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Etterpå er det illustrert foredrag om Ivar Aasen, og i kafeen er det gratis kake både før og etter.

Det er direktør Ottar Grepstad som gir denne spesialomvisinga. Han har henta fram fleire gjenstandar frå magasinet. – Eg gler meg også til å vise den gjenstanden eg sjølv meiner er den mest tankevekkjande. Den har lege i basisutstillinga i 12 år, men få har lagt merke til den, seier Grepstad.

Etter omvisinga held han på ny det illustrerte foredraget om Ivar Aasen frå Dei nynorske festspela tidlegare i sommar. Han har sett nærmare på kva Aasen skreiv og kva han samla av aviser, blad og bøker. – Det eg då oppdaga, overraska meg, og overraskingar bør delast med andre, seier Grepstad.

Foredraget er det fjerde i ei rekkje av fem illustrerte foredrag om Ivar Aasen der Ottar Grepstad har presentert nye funn og forteljingar om Ivar Aasens liv og verk.

Ivar Aasen-tunet har om lag 230 gjenstandar etter Ivar Aasen, som døydde i 1896. Noko av dødsbuet blei fordelt i familien, men det aller meste har vore samla i museet. – Vi kjenner ikkje til kjøp og sal av ein einaste Aasen-gjenstand på alle desse åra. Derimot har nokre få gjenstandar kome til museet i seinare tid, seier direktør Ottar Grepstad. Også ein av desse blir vist søndag.

Kafeen er som vanleg open før og etter arrangementet og butikken har tilbod på litt av kvart.
 
Emneord: 
Kommune: