Nye innleiarar på fylkeskulturkonferansen

Heidi-Iren Wedlog Olsen er fylkeskultursjef i Møre og Romsdal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Heidi-Iren Wedlog Olsen er fylkeskultursjef i Møre og Romsdal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fleire av innleiarane til årets fylkeskulturkonferanse har dessverre meldt forfall. Dette gjeld Myhre, Aasrud og Aasheim frå Nasjonalbiblioteket, Familie- og kulturkomiteen og Norsk kulturråd.

-At desse tre har meldt fråfall samtidig, er litt av et samanfall, men det er godt at desse sjølv har skaffa gode erstattarar. Vi er difor trygg på at fagområda og institusjonane fortsatt er godt representert. Vi gler oss og ser fram til årets konferanse, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Dei nye innleiarane er Svein Arne Tinnesand, direktør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket, avdelingsdirektør Vibeke Mohr, Norsk kulturråd, Hege Haukeland Liadal, stortingspolitikar, medlem i Familie- og Kulturkomiteen på Stortinget

Til no har 109 deltakarar meldt seg på årets fylkeskulturkonferanse. I tillegg kjem enkeltbillettane som vert solgt i regi av Bjørnsonfestivalen på Plassen.

-Det er gledeleg å sjå at det er stor interesse for konferansen, og at vi har deltakarar frå heile fylket; alt frå kommunar, folkebibliotek og ulike kulturinstitusjonar, seier Wedlog Olsen.

Fylkeskulturkonferansen går av stabelen 3. september, og er eit samarbeid med Bjørnsonfestivalen. Vedlagt følgjer oppdatert program med dei som skal halde foredrag under dei ulike sekvensane.

Her finn du oppdatert program:

Kommune: