Open dag i Ivar Aasen-tunet

Dikthjulet. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Dikthjulet. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Skriftteiknglobus. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Skriftteiknglobus. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Soppdag søndag. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Soppdag søndag. Foto: Ivar Aasen-tunet.
I samband med nominasjonen til Årets museum 2015, inviterer Ivar Aasen-tunet til open dag søndag 6. september, med mange aktivitetar både ute og inne og kanskje ei og anna overrasking.

 

– Vi er stolte og glade for å bli nominerte til den fremste fagprisen ein kulturinstitusjon av vår type kan få i Noreg og ønskjer å dele gleda med publikum med ein open dag, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Kven som stikk av med tittelen blir avslørt under det nordiske museumsmøte på Hamar 9. september. Nynorsk kultursentrum er nominert saman med Munchmuseet og Nordnorsk Kunstmuseum.

 

Aktivitetar, omvisingar og film

Det er laga fleire aktivitetar spesielt for denne dagen. I utstillinga blir det omvising om både Ivar Aasen og arkitekturen til Sverre Fehn. Publikum får vite meir om verksemda Nynorsk kultursentrum og det blir høve til å sjå Oddgeir Bruasets film om Ivar Aasen. Det er også lagt opp til to lyntreff i utstillinga, «Forfattar på utstilling» om Arvid Hanssen og «Om reklamespråket», den sistnemnde knytt til temautstillinga «Språk til sals».

 

For borna

To gongar i løpet av dagen kan borna samle seg til lesestund i utebiblioteket på Høgetua bak Aasen-tunet. Forfattar Hilde Myklebust les frå Bjørkebokstavar, som kom ut tidlegare i år.

Det er laga ei ordløype om plantane du ser på vegen opp, som denne dagen har ekstra fine premiar. Nede i tunet blir det fleire konkurransar og aktivitetar både for store og små. – Alle som kjem innom søndag vil vere med i trekninga av eit handlenett med varer frå butikken, seier Øvereng.

 

Gratis vaflar og gode butikktilbod

Det blir gratis kaffi og vaflar heile dagen og butikken har gode tilbod på både bøker og eigenproduserte varer. Her kan du få gode tips til bokhausten, og spesielt er utvalet av nynorske barne- og ungdomsbøker godt.

 

Soppdag

Søndag 6. september er Soppens dag i Skandinavia og tradisjonen tru blir det sopptur med røynde turleiarar og soppkontroll i Aasen-tunet, i år som ein del av open dag.

Emneord: 
Kommune: