ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Kvart år inviterer Ivar Aasen-tunet barnehagar i fleire kommuner til å lage kunst inspirert av ei barnebok. I år blei det ei bok frå den artige serien til forfattar Bjørn Sortland om zombien Zara og hennar familie. Den heiter «Gorillahjerne til middag». Zara har ein pappa som tullar fælt og fortel skrøner, og dessutan blør ho så lett naseblod. Salen i Ivar Aasen-tunet er no full av artige zombiar og andre ting frå boka til Sortland, og 8. desember kan alle born som vil få sjå på kunsten og lage sine eigne små zombiekunstverk.
Elisabeth Moseng, som er illustratør for bøkene om «Zara og dei» kjem og held teikneverkstad for borna, og i tillegg blir det framsyning av ein animasjonsfilm om dei søte zombiane. Tunet er ope frå kl. 12 til 17. og der blir aktivitet for alle born som vil ta turen frå kl. 15.
– Juleverkstaden er alltid populær og difor legg vi opp til to økter i salen med Moseng. Elles blir der mykje anna kjekt å gjere rundt omkring i museet. Vi oppfordrar alle interesserte om å sikre seg billett tidleg, seier formidlar Ingeborg Kristvik. På menyen står det både gorillahjernesuppe (blomkålsuppe) og anna julegodt. Velkomne!
Dato | Kva |
---|---|
28 feb |
Konsert med Stig Ulv Ørsta kulturhus |
02 mar |
(utsett på ubestemt tid) Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida Ørsta kulturhus |
02 mar |
Konsert med Egil Olsen Ørsta kulturhus |
11 mar |
Konsert / Knut Marius Djupvik med band Ørsta kulturhus |
18 mar |
Konsert / Øyvind Lied med gjestar Ørsta kulturhus |
23 mar |
Teatret Vårt: Hit eit steg Ørsta kulturhus |
08 apr |
Stephen Ackles hyllar Erik Bye (ny dato) Ørsta kulturhus |
17 apr |
Operahistorien på 60 minutt Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no