8. mars i Aasen-tunet: Kor attraktivt er fylket vårt for kvinner?

Gunn Berit Gjerde. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
Gunn Berit Gjerde. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
Marte Fanneløb Giskeødegård Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
Marte Fanneløb Giskeødegård Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
Møre og Romsdal har ein kjønnsdelt næringsstruktur og det største underskotet av unge kvinner av alle fylka i landet. Søndag 8. mars møtest fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde og forskar Marte Fanneløb Giskeødegård til samtale i Ivar Aasen-tunet om kjønnsbalansen i fylket. Maria Dyrhol Sandvik leier samtalen

Marte Fanneløb Giskeødegård er ein av to forskarar bak rapporten «Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar til Møre og Romsdal» frå Møreforsking. I rapporten blir det framheva at perspektivet ein har på forholdet mellom kjønna, har reelle konsekvensar for samfunnsutviklinga. Rapporten kjem også med ei åtvaring mot å fokusere på kvinner som verkemiddel for å auke folketalet.

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde er ein markant politikar og ei av dei som er mest oppteken av rekruttering av kvinner til fylket. Som medlem av utdanningsutvalet, har ho mellom anna peika på kor viktig det er at kvinner utdannar seg til yrke som gir dei ei framtid i heimfylket.

Samtaleleiar Maria Dyrhol Sandvik spør i artikkelen «Men livmora mi får du aldri»  kvifor utflytta bygdejenter skal flytte heim – er det på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane eller for å bøte på fødselsstatistikken? Maria Dyrhol Sandvik har master i samanliknande politikk frå Universitet i Bergen, og er mellom anna kommentator og debattjournalist for Bergens Tidende.

Det blir også høgtlesing av utdrag frå årets festspeldiktar Gunnhild Øyehaug sin roman Undis Brekke, som høver godt til tematikken på arrangementet. Samtalen i Aasen-tunet er ein god start på 8. mars-feiringa for både kvinner og menn. Dagen held fram med fleire 8. mars-arrangement både i Volda og Ørsta.

 

Emneord: 
Kommune: