Familiedag med ekte hai

Den vesle blå haien. Pressefoto: Ivar Aasen-tunet.
Borna får vere med å undersøke to ekte haiar på familiedagen i Aasen-tunet søndag 5. mars. Det blir også samlingsstund med skuggeteater, hai-verkstad og sal av fiskeburgar i kafeen.

 

– Vi har fått tak i to ulike haiar, som vi skal gjere opp og undersøke, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan, og fortel at borna får vere med å sjekke hai-tenner, hai-finnar og ser om vi finn noko spennande i hai-magen. Dette går føre seg utandørs, så hugs å ta med uteklede som toler fiskeslo.

Skodespelar Nina Elisabeth Bøe held to samlingsstunder denne dagen, der ho inviterer til skuggeteater inspirert av boka Den vesle blå haien. Her får vi bli med på ei spennande reise under havoverflata, der vi møter vi skumle og snille haiar, piggfisk og mjuke sjøanemonar, men også skrot og rot som menneska har kasta i havet.

Etter samlingsstunda kan borna gå vidare til innandørs hai-verkstad, der dei mellom anna får skrive hai-dikt, lage fiske-uro og svare på kviss om skumle skapningar i havet. På menyen står fiskeburgar, og det blir i tillegg sal av kaffi og kaker i kafeen.

Emneord: 
Kommune: