ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Programserien «Bok og bakverk» har blitt svært populær på relativt kort tid. Ivar Aasen-tunet inviterer jamleg til slike arrangement i kafeen, der Gjerde fortel om utvald litteratur og utvalde tema. Ho har sjølv laga baksten som er til sals.
I høve den internasjonale kvinnedagen vil bibliotekaren sjå nærare på kvinner i litteraturen, eller nærare bestemt kva forventingar ein har rundt den kvinnelege forfattaren. – Er samfunnet ope og fritt med omsyn til litteratur skriven av kvinner, eller er der framleis synlege og usynlege rammer som legg føringar for korleis dei blir oppfatta? spør Gjerde. Ho vil leite fram ulike døme på feministisk litteratur og kome med eigne refleksjonar om temaet.
Denne gongen vil Gjerde også få selskap av programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik, som vil ta eit kritisk blikk på kjønnsbalansen i kulturlivet generelt, og litteraturbransjen spesielt.
– Om ein ser på dei yngre generasjonane av forfattarar i Noreg i dag, er ein stor del av dei kvinner. Likevel er det hovudsakleg mannlege forfattarar som blir nominerte til dei tunge prisane og som blir løfta høgast. Kvifor er det slik? spør Opsvik, som også lovar å kome med nokre tips til aktuelle, unge nynorskforfattarar.
Arrangementet er ein del av SafeMUSEs prosjekt FRI KUNST 2020 – ei vekes feiring av kunstnarleg ytringsfridom. Arrangementet er gratis.
Dato | Kva |
---|---|
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
28 jan |
Steinar Raknes - STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen Ørsta kulturhus |
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
05 feb |
Eva Weel Skram / Konsert Ørsta kulturhus |
06 feb |
Barn ingen adgang! Ørsta kulturhus |
28 feb |
Konsert med Stig Ulv Ørsta kulturhus |
02 mar |
Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida Ørsta kulturhus |
11 mar |
Konsert / Knut Marius Djupvik med band Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no