Kjell Idar Saure, Ørsta, ny gjesteutstillar på galleri EogE i Fosnavåg.

Alle rettigheter Kjell Idar Saure. Biletkjelde: Galleri EogE
Alle rettigheter Kjell Idar Saure. Biletkjelde: Galleri EogE
Opning 4. mai! Denne gongen har Galleri EogE ein Ørstakunstnar som gjesteutstillar, med fjell og fjordmotiv. Mest store bilete. Som kunstnar er han stort sett sjølvlærd. Kunnskap om malarkunsten har han skaffa seg gjennom sjølvstudie av kunst, kunsthistorie og kunstteknikkar. Den barske naturen på Sunnmøre er hovedinspirasjonskjelde.

 

Om maleria sine seier Saure:

Bileta mine er landskap med sunnmørsk klang. Dei er likevel ikkje direkte geografiske skildringar. Bileta er bearbeidde sanseinntrykk og har såleis ei djupn som går utover det visuelle motivet. Dei viser noko av min eigen identitet. Eg legg likevel vekt på at bileta skal vere vakre, ha god komposisjon og at fargane sin magi skal spele med.

Dei som vil kan vere med på vandringar mot toppen langs sjølve livsegga, føle dragsuget frå avgrunnen og lengten mot det guddomelige i det ville og vakre. Ein vert merkt av denne naturen. Ein elskar og respekterer.

I alt det vakre set naturen likevel grenser. Ikkje alt er oppnåeleg. Naturen gjev og tek. Skal ein ferdast trygt, må ein leve med naturen og respektere grensene. Eller ein kan utfordre og kanskje gå til grunne.

Eg håper difor at bileta mine kan åpne for personlege tolkningar. For dei som ikkje likar å tolke, håper eg likevel dei kan oppleve landskapa og stemningane med åpne sansar.

Utstillinga vil vare ut mai. På opningsdagen 4.5. vil Saure vare å treffe frå ca kl 12.00 Velkomen.

Emneord: 
Kommune: