Fargerike bilete, musikk og dans på morsdagen

Draumar. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Draumar. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Søndag 8. februar får publikum i Ivar Aasen-tunet vere med på ei magisk reise på leit etter draumefangaren. Familieframsyninga «Draumar» byd på både vare melodiar og rytmisk melodiske krumspring.

I denne interaktive framsyninga blir publikum invitert med på dans, song og tromming i ei reise for å finne draumefangaren som skal ta vekk den vonde draumen. Dette er ei musikalsk forteljing med mange innspel og eit visuelt uttrykk.

Dei tre utøvarane som entrar scena i Ivar Aasen-tunet komande søndag har alle ein variert bakgrunn innanfor formidling av kunst og kultur. Karina Opdal syng, Audun Humberset spelar perkusjon og Roy Ole Førland spelar piano. Førland har gått musikklinja på Høgskulen i Volda og har tidlegare vore på Dei nynorske festspela med to andre familieframsyningar.

Den visuelle delen av framsyninga er det kunstnaren John Cunningham som står for. Cunningham er busett i Sunnhordland og fekk i fjor Bergen kommune sin gatekunstpris. Han har hatt fleire utstillingar og har prega gatebiletet mange stader med sine meir enn 300 verk.

Fleire hundre born fekk sist haust oppleve «Draumar» på Barnas Kulturhus i Bergen, og seinare har endå fleire fått sjå framsyninga. No er det vår tur.

Etter framsyninga er publikum velkomne til å utforske basisutstillinga med tunkatten Lurivar sin hems med mange gode bøker å lese i. Det er gratis å kome inn i utstillinga for dei som har løyst billett. Og for dei som er svoltne, er det pølse med brød til sals i kafeen. I høve dagen kan ein også nyte morsdagskake før ein forlet tunet.

Emneord: 
Kommune: