Tilskot skal sikre bevaring av kulturminne av høg verdi

Raudstua på Gjemnes gard er eit av tiltaka som har fått tilskot for å sikre bevaring. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Raudstua på Gjemnes gard er eit av tiltaka som har fått tilskot for å sikre bevaring. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Slinningbua i Ålesund har fått 1 mill. kroner i tilskot. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Slinningbua i Ålesund har fått 1 mill. kroner i tilskot. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Vi ser positivt på årets tildeling av tilskotsmidlar frå statsbudsjettet. Men for å kome i mål med målsettinga om at alle freda bygningar i privat eige skal få eit akseptabelt vedlikehaldsnivå innan 2020, treng vi langt større overføringar, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

Fylkeskommunen har i vår mellom anna fordelt tilskot frå statsbudsjettet 2016, til eigarane av kulturminne med høg verdi i verdsarvområdet.

750 000 kroner til verdsarvområdet

Tilskota i verdsarvområdet, går til fire bevarings- og istandsettingsprosjekt av ulik karakter og omfang. Desse spenner frå den svært forfalne husmannstova på Kurlå inst i Sunnylvsfjorden som blir gjennomført i regi av Storfjordens venner, til eit lite taubanehus på Ytste-Smoge. Frå ei 1700-tals-løe midt i Gjørvatunet i Geiranger og til våningshuset på Midtgard i Oaldsbygda.

Møre og Romsdal fekk tildelt ei ramme på kr 750 000 til fordeling i 2016. -Dette er ei halvering frå tidlegare år. Tilskota er avgjerande bidrag for at desse viktige innslaga i kulturarven vår blir teke i vare. Gode søknader viser kvart år at behovet for slik økonomisk støtte er stort, og klart større enn tilgjengelege midlar, seier Ringstad. Tilskot til tiltak i verdsarvområdet kjem frå statsbudsjettet kap 1429 post 79.

Fem millionar til freda bygg og anlegg i privat eige

Når det gjeld freda bygg og anlegg i privat eige, får desse tilskot over statsbudsjettets kapittel 1429 post 71.  Fylkeskommunen hadde i år tre millionar kroner til fordeling over 2016-budsjettet og to millionar kroner som førehandstilsegn over neste års budsjett. 

Det kom inn i alt sju søknader, og alle fekk tilskot. Enten over årets eller neste års budsjett.  Over årets budsjett ga fylkeskommunen tilskot til stabbur og nordmørslån på Dreyerstua, Åsskard, Surnadal kommune, Raudstua og Kvitstua på Gjemnes gard i Gjemnes kommune og ei stor sjøbu, Slinningsbua i Ålesund kommune.  

Store prosjekt over mange år

Med årets bevilling reknar vi restaureringa av Kvitstua  på Gjemnes sitt eksteriør som avslutta, seier Ringstad.  I tillegg vart det gjeve førehandstilsegn for 2017 til Hjellens notbøteri i Ålesund, ei staseleg nordmørslån på Nedre Løset i Rindal kommune og Slinningsbua i Ålesund. - Dei fleste av prosjekta som har fått tilskot, er store prosjekt som har gått over fleire år, avsluttar fylkeskonservatoren. 

Desse har fått tilskot gjennom bevaring av kulturminne med høg verdi i verdsarvområdet:
AnleggKommuneTotalt tildelt sum:
Husmannsplassen KurlåStranda401 000
Ola-løa i GjørvatunetStranda100 000
Midtgard i OaldsbygdaStranda200 000
Ytse-Smoge, taubanehusNordal49 000

Desse har fått tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap: 
AnleggKommuneTotalt tildelt sum 2016/2017:
Stabbur og nordmørslån på Dreyerstua, ÅsskardSurnadal700 000
Gjemnes gard, kvitstua og raudstuaGjemnes970 000
SlinningsbuaÅlesund1000 000
Nedre Løset, våningshusRindal900 000
Hjellens notbøteriÅlesund1000 000

Meir informasjon om tildelingane finn du her

Kommune: