Hilde Louise Asbjørnsen opnar Fjord Cadenza 2013!

Hilde Louise Asbjørnsen. Fotograf: Kristin Støylen
Hilde Louise Asbjørnsen. Fotograf: Kristin Støylen
Det er ei ære for Fjord Cadenza at vokalist, musikar og kabaret-artist Hilde Louise Asbjørnsen har sagt ja til å stå for den offisielle opninga av Fjord Cadenza 2013!

 

Fjord Cadenza 2013 går av stabelen frå 10. -14. august i Skodje. Festivalen opnar med ein stor orkesterkonsert på Gomerhusetlaurdag 10. august klokka 1900. I tillegg til at Hilde Louise Asbjørnsen skal opne festivalen, skal ho der også bidra musikalsk og synge saman med Fjord Cadenza-orkesteret under leiing av Rune Bergmann.

Velkommen til opninga av Fjord Cadenza 2013, laurdag 10. august klokka 1900 i Gomerhuset, Skodje.

Fjord Cadenzafekk ei fantastisk mottaking av publikum, deltakarar og presse då Skodje-festivalen gjorde comeback i 2011 etter fem års pause. Festivalen er bygd opp av konsertar der nasjonale og internasjonale stjerner samarbeider musikalsk med unge talent.
Ålesund Orkesterskole og Borg Sangskoleer to av grunnpilarane i festivalen sin kongstanke om ein musikalske møteplass. Fjord Cadenza blei starta av finans-og næringslivsmannen Jens Moe i 1993. Skodjemannenvar busett i USA og fekk ideen om å gje musikktalent eit sommarleg opplæringstilbod i naturskjønne omgivnader heime i Skodje på Sunnmøre. Og deltakarane skulle gje konsertopplevingar tilbake til det lokale publikummet. Det første året var det ikkje fleire deltakarar enn at Jens Moe og kona kunne huse alle saman. 10 år seinare var det blitt til 11 konsertar, fleire hundre deltakarar og 3-4000 i publikum.

For meir informasjon kontakt:Festivalsjef Per Ståle Knardal,
978 91 882, ps@fjordcadenza.com

Kunstnarisk leiar Rune Bergmann, 918 48 028,
rune@fjordcadenza.com

Hilde Louise Asbjørnsen, 900 39 577

Emneord: 
Kommune: