Velkomen til Dei nynorske festspela 25.–28. juni 2015!

Foto: Astrid Runde Saxegaard, Ulf Verner Carlsson
Foto: Astrid Runde Saxegaard, Ulf Verner Carlsson
Gullrekka 2015. Fotokjelde: Dein nynorske festspela.
Gullrekka 2015. Fotokjelde: Dein nynorske festspela.
Om knapt ein månad opnar Dei nynorske festspela 2015. De er hjarteleg velkomne til fire dagar med litteratur, konsertar, debattar, foredrag og utstillingar. Temaet i år er Tillit og festspeldiktar Gunnhild Øyehaug blir å sjå på fleire ulike arenaer. Festspelutstillar Astrid Runde Saxegaard eksperimenterer med tekstilar i utstillinga «Tillit?»

Musikalske høgdepunkt i Uteamfiet

Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen er klare for å gi publikum store musikalske opplevingar frå eit langt og banebrytande samarbeid torsdag kveld. Gjest under konserten er Lars Bremnes, som ved fleire høve har samarbeidd med Kirsten Bråten Berg. Laurdag kveld er det duka for stor konsert med rockegruppa D.D.E. med Bjarne Brøndbo i spissen. Under Aasen-stemnet søndag framfører skodespelaren Anne Marit Jacobsen dikt av Jon Fosse i poesikonserten «Stein til stein». Med seg har ho songaren Ruth Wilhelmine Meyer og pianisten Helge Lien.

Foredrag og debatt

Håkon Haugsbø leier debattane Kvar blei det av skriftspråket nynorsk? og Kva bør NRK-plakaten seie om språkpolitikk? Forskaren og kulturhistorikaren Jostein Fet kjem til Festspela med eit nytt stort verk om den gløymde litteraturen. Den svenske språkforskaren Tore Janson vil gi oss ei innføring i korleis språka utvikla seg i Europa på Ivar Aasen si tid. Årets minneforedrag, Godt språk i nynorske fagtekstar, er ved stipendiat Pernille Fiskerstrand.

Heile programmet ligg ved og meir informasjon finn de på nettstaden www.festspela.no

Vi håpar å sjå dykk i Ivar Aasen-tunet 25.–28. juni 2015!

Emneord: 
Kommune: