Arkivdagen 2013

Paradis: Det interkommunale arkivet er innholdsrikt.  Fotograf: Bjørn Halvorsen, Sunnmørsposten.
Paradis: Det interkommunale arkivet er innholdsrikt. Fotograf: Bjørn Halvorsen, Sunnmørsposten.
Straffeprotokoll. Fotograf: Bjørn Halvorsen, Sunnmørsposten.
Straffeprotokoll. Fotograf: Bjørn Halvorsen, Sunnmørsposten.
Selvportrett: Elias Bjørlykke var fotograf, sykkelreperatør og gårdbruker i Samfjord-traktene. Her poserer han blidt sammen med sin kone Olga Bjørlykke, gift Brandal. Fotograf: Elias P. Bjørlykke. Eigar: FylkesFOTOarkivet.

Arkivarane Åsta Vadset og Guro Flø ved IKA Møre og Romsdal ønskjer velkomen til Arkivdagen 2013. Fotograf: Ragnar Albertsen, FylkeFOTOarkivet
Arkivarane Åsta Vadset og Guro Flø ved IKA Møre og Romsdal ønskjer velkomen til Arkivdagen 2013. Fotograf: Ragnar Albertsen, FylkeFOTOarkivet
IKA Møre og Romsdal ønsker alle hjarteleg velkomne til Arkivdagen 9.november 2013! Denne laurdagen opnar arkivet dørene for publikum og har eit innhaldsrikt og spanande program å presentere.

Tradisjonen tru vert Arkivdagen arrangert i arkivinstitusjonar over heile Norden den andre laurdagen i november. I år er temaet «stemmer» i vidaste forstand: Barnestemmer, stemmerett, språklig mangfold. Dette er første gongen vi arrangerar Arkivdagen ved IKA Møre og Romsdal!

Programmet er som følger:
13.00: Opning ved dagleg leiar Arnt Ola Fidjestøl.
13.15: foredrag ved Jan Olav Fladmark: "Etterretningsorganisasjonen XU på Sunnmøre".
14.00-16.00: guida vandring i IKA Møre og Romsdal sine magasin. Stasjonar med tema: andre verdenskrig, barnestemmer, kvinneleg stemmerett. Her vert det mogleg å få bla i originaldokument. Det vert demonstrasjon av digitalisering, nettsøk etter slektningar, presentasjon av fotografi frå Bjørlykke-arkivet, søk i kulturdatabasar.
Elles vert det aktivitetshjørne for barn med servering av historisk godteri!

Tid: klokka 13 - 16.
Stad: Kirkegata 10b.
Gratis inngang.
Enkel servering.

Ta deg ein tur då vel!!

Skrevet av: Åsta Vadset, IKA Møre og Romsdal

Emneord: 
Kommune: