Herøyspelet «Kongens Ring» 6. og 7. juli.

Herøyspelet. Fotograf: Per Eide. Kilde: Herøyspelet.
Herøyspelet. Fotograf: Per Eide. Kilde: Herøyspelet.
Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som årleg vert framført på «sagaøya Herøy» i Herøy Kommune på Sunnmøre. Sidan musikken og songen har så framtredande roller, vert spelet med rette kalla "Vikingmusikalen i havgapet" og til og med "verdas vakraste vikingmusikal".

Spelet har ei varigheit på 1,5 time.

 

SPELPROGRAM 2013

LAURDAG 06. JULI:

Kl. 13:30 Framsyning vikingmusikalen

      Kongens Ring

 

Kl. 17:00  Framsyning vikingmusikalen

      Kongens Ring

 

 

SØNDAG 07. JULI:

Kl. 11:00  Økumenisk gudsteneste på Herøy

      gamle kyrkjetuft

  

Kl. 13:30  Framsyning vikingmusikalen

      Kongens Ring 

  

Kl. 17:00  Framsyning vikingmusikalen

      Kongens Ring 

 

Folkeliv og god mat på spelkafeen.

I dei vakre omgjevnadane ved Herøy Gard er det alltid duka for folkefest i samband med Herøyspelet. Kva med å nytte høvet til å smake på den gode rjomegrauten vår? 

Elles er det sal av både pølser, kaffe, is og brus.  Kafeen er open i tida før og etter spelet i spelhelga. Eiga salsbod for vikingeffektar, t-skjorter, musikk etc.

I staden for å stresse avgarde til båten, er det mange som roar ned og kosar seg med mat og drikke på garden.

 

Den økumeniske gudstenesta vert halden på kyrkjetufta til mellomalderkyrkja frå 1100-talet. Den gamle gravstaden og steinmurane etter nye kyrkja frå 1880-talet er like ved. Ulike kyrkjesamfunn tek del.

 

Emneord: 
Kommune: