Fjord Cadenza går av stabelen 6.-9. august!

Ekornes på trommer. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Ekornes på trommer. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Solistkonkurranse. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Solistkonkurranse. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Hilde Louise Asbjørnsen opnar festivalen. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Hilde Louise Asbjørnsen opnar festivalen. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Festivalen sparkes i gang på Skodje stor familiekonsert Torsdag, 6. august, kl. 18.00. Den offisielle åpningen blir gjort av Hilde Louise Asbjørnsen, fredag 7. august kl. 20.00.

· Fjord Cadenza satser svært offensivt og programmet for årets festival borger for svært god kvalitet og stor bredde.

· Kaunas City Symphony Orchestra er et helproft orkester på internasjonalt høyt nivå som vil danne grunnstammen for årets orkester. I tillegg benytter vi som tidligere år Møremusikerordningen hvor vi har med musikere i noen roller. De eldste fra Ålesund Orkesterskole vil også bli med på noen av stykkene på Avslutningskonserten den 9. august.

· Fjord Cadenza bygger videre på visjonen hvor unge og talentfulle utøvere får utvikle seg i samspill med etablerte og profesjonelle. Dette gjør vi bl.a. gjennom samarbeidet med Ålesund Orkesterskole. Rune Bergmann som er kunstnerisk ansvarlig for Fjord Cadenza har fortsatt en sentral rolle i Ålesund Orkesterskole. Solister fra Fjord Cadenza stiller ellers som instruktører for Ålesund Orkesterskole. Som nevnt vil de eldste fra sommerkurset få anledning til å bli med på deler av Avslutningskonserten.

· Fjord Cadenza er opptatt av å presentere ny musikk, og årets festivalkomponist er Jan Magne Førde. Hans nye verk «The sound of a fjord» blir urfremført under avslutningskonserten den 9. august.

Her er noe av programmet:

Rytmer på 100 trommer frå 100 land:

Ekornes i 100 – ein fest for heile familien under Fjord Cadenza

Både barn og vaksne vert ønskt velkommen til Kenneth Ekornes sine artige solokonsert, Ekornes i 100 under Fjord Cadenza. Det vert masse rytmar og morosame instrument som han har samla på sine reiser rundt om i verda.

Kenneth Ekornes er ein av landets mest ettertrakta trommeslagarar og perkusjonistar. Han spelar for tida trommer med The Brazz Brothers, og har dei siste 15 åra turnert jorda rundt med artistar som Mari Boine, Jon Balke, Kristin Asbjørnsen, Trio De Janeiro, Nymark Collective, Ole Paus, Baba Nation og Tord Gustavsen. På konserten under Fjord Cadenza får publikum delta med bevegelse, song og trommer. Ta med barna, leikekameratar, søskenbarn, tantebarn, søsken og naboar og kom på konsert, oppmodar styreleiar Hallgeir Øvrebust!

Lyd-labyrintar

Når Kenneth Ekornes spelar, ser han for seg ulike landskap og tidsepokar som han omformar til lyd- labyrintar. Instrumenta hans er både 100 år gamle trommesett og moderne elektroniske slagverkinstrument. Ved hjelp av trommene fortel han at tida og utviklinga går fortare og fortare i den moderne verda. Ekornes sjølv har i løpet av dei siste 20 åra besøkt meir enn 50 av dei landa han hentar inspirasjon frå, mellom anna Brasil, Afrika, India og Norge.

Slaginstrument frå heile verda

Kenneth Ekornes studerte på rytmisk linje ved musikkonservatoriet i Kristiansand. Som frilans musikar med base i Oslo spelar han med bl.a. med mange kjende artistar. Han har og arbeidd for «Barnetimen for dei minste» i NRK. Kenneth sin hobby er å samle slaginstrument og «dingel-dangel» frå heile verda. På lageret sitt på den gamle sjokoladefabrikken i Oslo set han disse saman til unike trommesett, skreddarsydd til kvart nye prosjekt.

Fjord Cadenza gjeng av stabelen 6.-9. august og konserten med Kenneth Ekornes er på torsdagen som den første konserten i ei innhaldsrik festivalhelg.

 

 

Skyhøgt nivå på solistar frå heile landet

Fjord Cadenza melder om eit ekstremt høgt nivå på deltakarane i årets DNB Nasjonale Solistkonkurranse. Dette har resultert i delte plasseringar og i alt 13 solistar får vise seg fram i finalen under årets festival.

Fjord Cadenzas Solistkonkurranse har fått nasjonal merksemd og heider for at unge talent får høve til å vise seg fram og få tilbakemeldingar frå høgt kvalifiserte dommarar. Under konkurransen i 2015 tevlar unge frå heile landet innan klassisk musikk og musikalrepertoar. 

- Det har vore ei svært vanskeleg oppgåve for juryen å plukke ut 10 finalister av dei innsendte opptaka, seier juryformann Rune Bergmann. – Vi ende til slutt opp med eit par delte plasseringar slik at det vert totalt 13 finalistar som får høve til å vise seg fram i finalen. - Det har vore stor interesse og deltakarane held eit imponerande høgt nivå! No kjem publikum til å få oppleve ein utruleg spennande finale, seier Bergmann. 

DNB har gitt til saman 70 000 kroner i premiepengar til Solistkonkurransen. Vinnaren av DNB Nasjonale Solistkonkurranse får 40 000 kroner og eit solistoppdrag med Fjord Cadenza-orkesteret under neste års festival, andrepremien er på 20 000 kroner og tredjeplass gjev 10 000 kroner. Styreleiar for festivalen, Hallgeir Øvrebust er svært glad for samarbeidet med DNB. – Fjord Cadenza og DNB har hatt god dialog om kor viktig det er å satse på unge talent, og pengepremiar på dette nivået bidreg til at konkurransen har vorte attraktiv på nasjonalt nivå, seier Øvrebust.

Øvrebust oppmodar vidare publikum til å få med seg finalen i Gomerhuset. – Dette vert ein solistkonsert som det absolutt er verdt å få med seg! Her vil ein få høyre solistar på song og mange ulike instrument som vil framføre eit spennande repertoar med stor breidd, seier Øvrebust .

 

Klassiske Perler i Ellingsøy Kyrkje.

De siste årene har Magne Fremmerlid hatt stor suksess med sine operaroller ved flere store operahus i Europa. Men likevel velger han å bruke mye tid under Fjord Cadenza. Sammen med Kaunas City Symphony Orchestra under ledelse av Rune Bergmann og kona, sopranen Charlotte Fongen byr han inn til stor konsert i Ellingsøy Kyrkje under tittelen «Klassiske Perler».

Fremmerlid har de siste årene gjort seg spesielt bemerket i Wagner-roller og gjorde stor suksess i Essen i Tyskland, i rollen som Gurnemanz i Parsifal og for rollen som Daland i Den flygende Hollender i Oslo. Han skal også gjøre kong Heinrich i Lohengrin kommende sesong i Oslo.

Fremmerlid har vært fast tilknyttet solistensemblet ved Den Norske Opera & Ballet siden 1997.

Enestående og malmklar er noen av betegnelsene som er brukt om Fremmerlid, fremføringene og stemmen hans.  Fjord Cadenza er så heldig å få ha et årelangt samarbeid med ham. I 2012 bar hans stemme alene Norges første jazzopera «Storkaren». Musikken er skrevet av Helge Førde i The Brazz Brothers og teksten av Ronnie MAG Larsen fra The Margarets. Operaen ble urfremført på Fjord Cadenza og siden fremført på Den Norske Opera som en del av Oslo Jazzfestival.

Charlotte Fongen hadde i fjor ei familieforestilling under Fjord Cadenza med utdrag fra Tryllefløyten. Fjord Cadenza-versjonen av W.A. Mozarts kamp mellom det gode og det onde var ei nedkorta utgave som spilte mye på humor og overraskende vrier, til glede for både små og store.

Fongen har gjort en rekke roller på Den Norske Opera, Operaen i Kristiansund og operaer i Danmark. Hun er mye brukt som oratoriesanger, har sunget med de fleste orkestre i Norge og dirigert en rekke kor de siste 20 årene. I 2008 dirigerte hun «Fengselskoret» for TVNorge.

Charlotte Fongen er pedagog i Dissimilis og har skrevet «Jenny – en annerledes opera» som ble satt opp i operaen høsten 2008. 

Fjord Cadenza er svært takknemlig for tiden og energien Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen legger ned i festivalen. På årets festival har de:

Operapub sammen med venner, lørdag 8. august klokka 21.00 på Gomerhuset

Gratiskonsert på Skodje Omsorgssenter, søndag 9. august klokka 12.00

Klassiske Perler i Ellingsøy Kyrkje, søndag 9. august klokka 17.00

 

Urframføring av nytt orkesterverk

«Lyden av ein fjord» på Fjord Cadenza

Tradisjonen tru så utfordrar Fjord Cadenza nasjonale komponistar til nyskapning av musikk. Under årets Fjord Cadenza er det Jan Magne Førde som har fått det ærefulle oppdraget som årets festivalkomponist. Førde har teke denne utfordringa på strak arm, og resultatet av vinterens arbeid vert å høyre på avslutningskonserten under årets festival. Stykket «The sound of a fjord» er inspirert av den dramatiske naturen på Sunnmøre, seier Førde.

Frå Langevåg

Det var ei stor ære å verte spurt om å vere festivalkomponist for Fjord Cadenza, seier Jan Magne Førde. 
- Fjord Cadenza er ein festival som legg lista høgt og har fått eit kvalitetsstempel, og det skal bli svært spennande å få urframføre ny musikk med eit slikt flott orkester, seier Førde.

Jan Magne Førde kjem frå Langevåg på Sula. Han har si utdanning frå Trøndelag Musikkonservatorium og har arbeidd som trompetist og komponist i over 35 år.

Stor spennvidde

Førde har skreve meir enn 250 komposisjonar og arrangement. Produksjonen strekkjer seg frå mindre instrumentale verk for solo piano og kammerbesetning til større vokal- og orkesterverk. Førde er i dag ein av Norges mest spelte komponistar for korps og blåseensemble, og er hyppig framført av ensemble og kor frå Europa, Asia og USA. Han har òg komponert musikk til fleire TV-produksjonar, mellom anna til NRK TV produksjonane Norskekysten og Korpsfiksert.

Kjend frå Brazz Brothers

Som soloartist og medlem av gruppa The Brazz Brothers, har førde spela over 3500 konsertar og har framført eigne komposisjonar i 34 land. Jan Magne Førde har i tillegg gitt ut tre soloalbum i eige namn. 

Lyden av ein fjord

Verket «The Sound of a Fjord» er inspirert av den dramatiske naturen på Sunnmøre, seier Førde. Eg har nytta bilde og stemningar frå den dramatiske og vakre Geirangerfjorden som bakteppe for komposisjonen. Melodisk har komposisjonen klare røt til norsk folkemusikk. Samtidig er stykket rytmisk utfordrande med kraftige rytmemønster som vert fletta inn i kvarandre. Med rytmisk kompleksitet er stykket ei stor utfordring for orkesteret, fortset han.

I tillegg til bestillingsverket vil ein på avslutningskonserten under Fjord Cadenza få høyre fleire av dei mest sentrale komposisjonane i Førde sin produksjon.  – Dette vert svært spennande, og det er absolutt vel verdt å få med seg for publikum, avsluttar Førde.  

Kommune: