– Alle fylke har nynorskelevar i vidaregåande

Språkfakta 2015. Statistikk av Ottar Grepstad.
Språkfakta 2015. Statistikk av Ottar Grepstad.
Ottar Grepstad. Foto: Lars O. Flydal.
Ottar Grepstad. Foto: Lars O. Flydal.
Litt over halvparten av nynorskelevane held fram med nynorsk gjennom vidaregåande skule, men den andre halvparten skiftar til bokmål. I absolutte tal var det både fleire nynorsk- og bokmålselevar, men våren 2015 brukte 6,4 prosent av elevane nynorsk ved eksamen i vg3, mot 7,4 prosent fem år før. Det skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

 

I 20 år har han arbeidd med å utvikle, samle og analysere statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda». Direktøren i Nynorsk kultursentrum har redigert 867 tabellar og kommenterer alle. Frå og med Den europeiske språkdagen 26. september blir eit nytt kapittel publisert kvar dag på Aasentunet.no, fritt tilgjengeleg for alle. 

Kvart år tek om lag 3200 nynorskelevar og 44 000 bokmålselevar eksamen i den vidaregåande skulen, skriv Grepstad. Talet på nynorskelevar var lågt, men konstant – talet på bokmålselevar høgt og aukande. Berre i åra 2009–2015 fekk Akershus og Oslo 4000 fleire elevar som tok eksamen på studieførebuande program.

            Der var nynorskelevar ved vidaregåande skular i alle fylka i skuleåret 2014/15. Fleire stader er der nedgang, og mest i Oppland, Buskerud og Telemark. I Sogn og Fjordane utgjorde derimot nynorskelevane ein endå større del av alle elevane i vidaregåande skule enn fem år tidlegare.

 

Fem fantastiske språkfakta

  1. 93 prosent av nynorskelevane i vidaregåande skule bur på Vestlandet
  2. 54 prosent av vidaregåande-elevane på Vestlandet i 2015 brukte bokmål
  3. Stord vidaregåande skule har flest nynorskelevar av alle vidaregåande skular
  4. Kring 1950 tok om lag 500 elevar examen artium på nynorsk
  5. I 2015 tok 3200 vidaregåande-elevar eksamen i studieførebuande fag på nynorsk

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

 

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

  • Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk
  • 867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år
  • 19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay
  • Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no
  • 1700 sider i utskrift i A4-format

 

For meir informasjon

Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727

Kommunikasjonsrådgivar Laila W. Lid, tlf. 70 04 75 82 eller 958 70 56

Emneord: 
Kommune: