– Minst 2000 språk er enno ikkje skriftfesta

Ottar Grepstad. Foto: Sunniva Lund Osdal.
Ottar Grepstad. Foto: Sunniva Lund Osdal.
Minst 2000 språk er enno ikkje skriftfesta, og om lag 2400 språk eller kvart tredje språk er i vanskar eller på veg ut av bruk. Desse blei brukte av ein prosent av innbyggjarane. Det skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

I 20 år har han arbeidd med å utvikle, samle og analysere statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda». Direktøren i Nynorsk kultursentrum har redigert 867 tabellar og kommenterer alle. Frå og med Den europeiske språkdagen 26. september blir eit nytt kapittel publisert kvar dag på Aasentunet.no, fritt tilgjengeleg for alle. 

23 ulike språk er førstespråket for seks av ti innbyggjarar på jorda, skriv Grepstad. Dei aller fleste språka blei altså brukte av få menneske. Det skil seg mykje kor vitale og sosialt sterke dei ulike språka er. I 2015 reknar amerikanske Summer Institute of Linguistics godt og vel 100 språk som institusjonaliserte og dei mest vitale. Norsk – bokmål og nynorsk – er blant dei språka.

Skriftfesting er det kritiske punktet. Bibelen eller delar av Bibelen var ved utgangen av 2014 omsett til nær 2900 språk, og åtte av ti innbyggjarar hadde gjennom Wikipedia tilgjenge til leksikalsk kunnskap på sine førstespråk. Langt frå alle desse hadde derimot teknisk tilgjenge til denne kunnskapen. 

 

Fem fantastiske språkfakta

  1. 7102 språk er dokumenterte i bruk i 2015
  2. Over 5800 av desse språka er brukte av færre enn 100 000 menneske
  3. 34 % av Twitter-meldingane i 2014 var på engelsk, mot 50 % i 2010
  4. «Den vesle prinsen» av Antoine de Saint-Exupéry er omsett til 253 språk
  5. 111 forfattarar har fått Nobelprisen i litteratur. Sju skreiv på ikkje-europeiske språk

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, aasentunet.no

 

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

  • Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk
  • 867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år
  • 19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay
  • Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på aasentunet.no
  • 1700 sider i utskrift i A4-format

 

For meir informasjon

Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727

Kommunikasjonsrådgivar Laila W. Lid, tlf. 70 04 75 82 eller 958 70 56

Emneord: 
Kommune: