Soppdag og boklansering i Aasen-tunet søndag 9. september.

Kantarell
Valborg Hustadnes
Sjølvplukka sopp kan gi deg mange smakfulle haustrettar, men du må vere sikker på at det er trygt å ete soppen du har plukka. Difor arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med turleiar og soppkontroll i Aasen-tunet søndag 9. september. Same ettermiddagen lanserer Valborg Hustadnes bok om levekåra på Sunnmøre i krig og naudsår!
Skogen rundt Aasen-tunet er turmålet, og etter turen får alle ein gratis tryggingssjekk av soppkorga si hos Signy Seljebotn frå Nyttevekstforeningen i Ålesund. Ho er godkjend soppkontrollør, og har mange års røynsle frå soppskogen.
 
- Vi vonar mange vil nytte høvet til å forsikre seg om at soppen dei har plukka er trygg som matsopp, seier kaféleiar Milan Ilic.
 
Dette er tolvte året det blir arrangert soppdag i Aasen-tunet og kafeen kan freiste med ein trerettars middag med sopp og skogsbær.
 
Soppdagen er eit samarbeid med Volda hagelag og Nyttevekstforeningen i Ålesund. Om nokon ønskjer å få kontrollert sopp dei har plukka andre stader, er det sjølvsagt høve til det.
 
Ny bok frå Valborg Hustadnes
Med eit glødande engasjement for lokalhistorie er Valborg Hustadnes no klar til å lansere boka Levekår på Sunnmøre i krig og naudsår. Gjennom intervju og innsamla materiale blir lesaren kjend med kvinner og menn på Sunnmøre som har vore med å prege historia under krigen og i åra etter. Søndag ettermiddag presenterer forfattaren boka i Aasen-tunet. Publikum får høyre både historier frå krigen og små glimt frå dagleglivet i rasjoneringsåra. Den som ønskjer, kan sikre seg eit signert eksemplar av boka.
SØNDAG 9. SEPTEMBER 13.00- 17.00 Ivar Aasen-tunet
Soppdag i Aasen-tunet og boklansering Valborg Hustadnes
13.00 Sopptur med turleiar
15.00-16.30 Soppkontroll
 
13.00-17.00 Haustmeny i kafeen
Soppsuppe, heilsteikt, røykt svinenakke med poteter og grønsaker, skogsbærdessert
 
16.00 Valborg Hustadnes lanserer boka Levekår på Sunnmøre i krig og naudsår
Emneord: 
Kommune: