ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
– Kvar veke les og redigerer eg fleire biografiartiklar til oppslagsverket Allkunne.no. Det er imponerande å sjå at levde liv kan bli til tekstar som forklarer utanforståande kven dette er. Eg gler meg til å finne ut korleis dei to forfattarane finn ut kva som er det viktigaste og mest spesielle med menneske – og sjimpansar, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Sjimpansen Julius er det første dyret i Noreg som får sin eigen biografi. Dette er ei fasinerande og tankevekkande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg. Fidjestøl kjem til Aasen-tunet for å fortelje om boka og samtalar med Lauritsen og Sandsmark om arbeidet med å skrive ein biografi.
Alfred Fidjestøl er journalist og filosof. Han har skrive fleire biografiar om viktige personar og institusjonar i nynorsk-Noreg, og fekk tildelt både Ole Vig-prisen i 2008 og Sult-prisen i 2014.
Vibeke Lauritsen har jobba i Allkunne sidan 2007. Ho står bak 292 av biografiane ein kan lese der, men ingen av dei er om sjimpansar, sjølv om Lauritsen er frå Kristiansand.
Per Magnus Finnanger Sandsmark er kulturhistorikar og redaktør i Allkunne. Han er samtaleleiar i dette arrangementet.
Dato | Kva |
---|---|
28 feb |
Konsert med Stig Ulv Ørsta kulturhus |
02 mar |
(utsett på ubestemt tid) Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida Ørsta kulturhus |
02 mar |
Konsert med Egil Olsen Ørsta kulturhus |
11 mar |
Konsert / Knut Marius Djupvik med band Ørsta kulturhus |
18 mar |
Konsert / Øyvind Lied med gjestar Ørsta kulturhus |
23 mar |
Teatret Vårt: Hit eit steg Ørsta kulturhus |
08 apr |
Stephen Ackles hyllar Erik Bye (ny dato) Ørsta kulturhus |
17 apr |
Operahistorien på 60 minutt Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no