Kjartan Fløgstad på Boknatta i Aasen-tunet

Kjartan Fløgstad. Foto: Hans Jørgen Brun
Kaisa Aglen. Foto: Benedikte Skarvik
Marit Kaldhol. Foto: Andersson
Rønnaug Kleiva. Foto: Tove K. Breistein
Lyrikkdebutant Kaisa Aglen frå Volda får selskap av brageprisnominerte Kjartan Fløgstad, Marit Kaldhol og Rønnaug Kleiva på Boknatta i Ivar Aasen-tunet torsdag 15. november. Dei fire forfattarane les og fortel meir om bøkene sine i samtale med Dag H. Nestegard, redaktør i Bok&Samfunn.

– Ivar Aasen-tunet markerer opptakten til det nasjonale Språkåret 2013 med å presentere eit breitt utval av litteratur. Kjerneverksemda vår handlar om språk og litteratur. Denne hausten får publikum møte mange av forfattarane bak haustens nye bøker, med Boknatta som det mest sentrale arrangementet, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

– Få, om nokon, norske forfattarar har gjort meir for å bryte ned skilja mellom høgt og lågt i kunst og litteratur, skriv nettleksikonet Allkunne om Kjartan Fløgstad. I haust er Fløgstad aktuell med ein ny, stor roman: Nordaustpassasjen. Ein mangfaldig roman om livsvegar, og storpolitikk der han i kjend litterær stil kritiserer kapitalismen og massemedia. Handlinga utspelar seg over store delar av verda, og forteljinga er like global som den er norsk, skriven på eit umiskjenneleg og leikent "fløgstadsk" språk.

Rønnaug Kleiva er også ute på reise i den sjølvbiografiske romanen Armenia, Albania, Argentina. Her følgjer vi Rønnaug gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Med varme og humor, og i sin velkjente nøkterne stil, kombinerer Kleiva den indre eksistensielle og den ytre geografiske reisa på ein elegant måte.

Marit Kaldhol har laga ei intens skildring av forholdet mellom mor og dotter i romanen Darwins sporvar. I eit rom med vindauge mot havet, ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si og Sally måtte vere med. På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit sår i dette forholdet.

Kaisa Aglen frå Volda lyrikkdebuterte i år med Kvar i kroppen sit ingenting, ei samling konsentrerte dikt der bilete og tankar tek store sprang. – I ei tid der norsk prosa blir meir og meir mainstream og føreseieleg, er det oppløftande å sjå at mange unge lyrikarar går sine eigne og nye vegar. Kaisa Aglen er i godt lag, skreiv Atle Kittang i Klassekampen om denne debuten.

– Det er viktig å gi rom til både etablerte forfattarar og debutantar. Ekstra kjekt er det å ha Kaisa Aglen på programmet til Boknatta, sidan ho er oppvaksen berre eit steinkast frå Aasen-tunet, seier programansvarleg Karine Munch.

 

For meir informasjon

Programansvarleg Karine Munch, tlf. 70 04 75 79

Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82 eller 958 70 569

Emneord: 
Kommune: