Sterk framsyning frå Hordaland Teater

Berre ein spøk. Foto: Hordaland Teater.
Berre ein spøk. Foto: Hordaland Teater.
Hordaland Teater og skodespelar Irene Waage har fått strålande kritikkar for den sterke framføringa av monologen «Berre ein spøk», der hovudpersonen endeleg klarer å snakke om det som hende på ungdomsskulen. Søndag 13. mars kan du sjå framsyninga i Aasen-tunet.

Hovudpersonen er 34 år gamal no, er gift og har to born, to jenter. Då ho gjekk siste året på ungdomskulen så skjedde det noko, noko ho ikkje kan gløyme, noko som ho aldri vil gløyme. Ho vert ikkje kvitt minna. Ho drøymer om det om natta, men ho har ikkje klart å snakke om det, ikkje ein gong med sin eigen mann, ikkje før no. Det ho opplevde i tiande klasse på ungdomsskulen tok til som uskuldig moro og enda i tragedie.

 

Framsyninga hadde premiere i Bergen i september 2015, og er bygt på skodespelet När tågen går förbi av Malin Lindroth. Jan H. Landro skriv i Bergens Tidende etter premieren at framsyninga er svært sterk og bør får eit langt liv rundt om på skulane. Han skriv vidare: «Ikke minst fordi den er fri for hevede pekefingre, men fortelles av et menneske som ikke helt innser dybden i det hun har vært med på. Her er mye å snakke om, mye å tygge på.»

 

Skodespelar lrene Waage har jobba på ulike teater rundt om i landet, men har stort sett vore engasjert ved Den Nationale Scene, no sist i Hellemyrsfolket og i Momo. Ho var med i den mykje omtala framsyninga I Guds Namn på Hordaland Teater i 2014.

 

Framsyninga høver for vaksne og ungdom frå 16 år og varer i om lag 45 minutt. I kafeen kan du kjøpe søndagsmiddag frå kl. 13.00.

Emneord: 
Kommune: