Nettverksmøte for ABM sektoren i Møre og Romsdal

Geir Håvard Ellingseter, leiar IKAMR, Anna Gjendem, Folkemusikkarkivet, Heidi-Iren Wedlog Olsen, Fylkeskultursjef, Ottar A.B Anderson, leiar SEDAK og Jan Aakvik, KulturNett. Heidi Dragseth, Fylkesbiblioteket var ikkje til stades ved fotografering. Digitaliseringa av Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal er eit av prosjekta som blir presentert under nettverksmøtet.  Foto: Fylkesbiblioteket
Geir Håvard Ellingseter, leiar IKAMR, Anna Gjendem, Folkemusikkarkivet, Heidi-Iren Wedlog Olsen, Fylkeskultursjef, Ottar A.B Anderson, leiar SEDAK og Jan Aakvik, KulturNett. Heidi Dragseth, Fylkesbiblioteket var ikkje til stades ved fotografering. Digitaliseringa av Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal er eit av prosjekta som blir presentert under nettverksmøtet. Foto: Fylkesbiblioteket
For fyrste gang inviterer Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR) arkiv, bibliotek, museum (ABM) og kulturvern til eit nettverksmøte om digitalisering. Møtet finn stad 28 mai kl.0930 - 1700 i Ålesund. Møtet vil innehalde presentasjonar og drøftingar kring digitalisering av kulturarven, med fokus på lokalhistorisk materiale.

«Med denne samlinga ønsker vi å presentere kva som finst og kva som er gjort innanfor området og marknadsføre dette. Vi håper på gode innspel frå forsamlinga både på arbeid som er gjort, og kva som kan/bør gjerast vidare» seier duoen Heidi Drageseth ved Fylkesbiblioteket  og Ottar A.B Anderson, ved IKAMR, ansvarleg for nettverksmøtet. «Tilrådinga i Riksrevisjonens undersøking av digitaliseringa av kulturarven 2017 gir klare føringar på kva ABM sektoren bør prioritere vidare, difor er innspela og dialogen på dette nettverksmøtet så viktig» seier Ottar A.B Anderson, leiar for Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) ved IKAMR.

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen opnar konferansen. Nasjonalbiblioteket presenterer deira digitaliseringsarbeid. Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteketek presenterer instituttet og Lokalhistoriewiki. Arkivverket presenterer Digitalarkivet, som er den nye nasjonale felles publikasjonsplattform for digitalisert materiale. Fylkesbiblioteket presenterer MøreRom-basen og SEDAK og KulturNett ved IKAMR, presenterer det regionale arbeidet med digitalisering og publisering av kulturarven.

«Ønsket er at dette blir ei årleg samling der vi får tatt pulsen på, samt å fylgje opp og formidle kva som skjer regionalt, nasjonalt og internasjonalt m.o.t. digitalisering og publisering av kulturarven»  forklarer Heidi Drageseth og Ottar A.B Anderson.

Sjå vedlagte program for detaljar.

Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kulturarven:

https://www.riksrevisjonen.no/rapporter-mappe/no-2016-2017/digitalisering-av-kulturarven/

Ta kontakt for avtale:

Ottar A.B Anderson, ottar.anderson@ikamr.no Mobil 909 18 291

Cecilie Røe, cecilie.roe@mrfylke.no Mobil 952 10 109

Kommune: