Rundar av sommarsesongen med arkitekturveke

Ivar Aasen-tunet. Foto: David Borland.
Ivar Aasen-tunet. Foto: David Borland.
Ivar Aasen-tunet. Foto: David Borland.
Ivar Aasen-tunet. Foto: David Borland.
Ivar Aasen-tunet. Foto: David Borland.
Ivar Aasen-tunet. Foto: David Borland.
Ivar Aasen-tunet er prislønt for arkitekturen i hovudbygningen, som opna i 2000. Neste veke kan du vere med inn i tankane og strekane til meisterarkitekt Sverre Fehn.

 

Då det vart bestemt at det skulle byggjast eit heilt nytt Ivar Aasen-museum, fekk den prislønt arkitekten Sverre Fehn i heidersoppdrag frå tidlegare kulturminister Åse Kleveland å teikne byggjet. I år har vi ei heil veke om arkitektur og arbeidet til Sverre Fehn, med vekt på Ivar Aasen-tunet. Måndag 8. august, onsdag 10. august og fredag 12. august vert det arkitekturomvisingar, der gjestane får eit innblikk i ideane til Sverre Fehn og korleis bygget vart til. Tysdag 9. august vert det foredrag om Nordisk arkitektur, med vekt på Sverre Fehn og verka hans.

Vi rundar av arkitekturveka med kombinert foredrag og omvising på Sverre Fehns fødselsdag, søndag 14. august.

Foredraga høver best for vaksne, medan omvisingane kan vere spennande for både born og vaksne. Nede i kjellaren finn du nokre kattespor i sementen som vart til under bygginga av museet – kanskje er det tunkatten Lurivar som har vore på leiting etter ord til samlinga si?

– Fram til fredag 12. august inviterer vi også til faste vekeprogram, med barnebokstund, songstund og eventyrstund for born i gamlemuseet. For dei vaksne har vi foredrag og bokkafé med høgtlesing av aktuell litteratur, seier tunassistent Tale Burgess Øyehaug.

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar, og kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker og is. I butikken finn du eit stort utval nynorske bøker for vaksne og born og svært mange varer som du ikkje finn andre stader, til dømes ein serie turprodukt med Ivar Aasen-ordtak.

 

Emneord: 
Kommune: