Over tre millionar i tilskot til kulturbygg

Kårvåghallen på Averøy. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kårvåghallen på Averøy. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kultur- og folkehelseutvalet fordelte i møte 7.september 3,46 millionar kroner til kulturbygg i Møre og Romsdal.

Tilskota vert gitt over den desentraliserte ordninga for lokale kulturbygg, og skal bidra til allmenne bygg og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Ho fortel vidare at tilskota kan bli gitt til kulturhus og fleirbrukslokale eller spesiallokale som til dømes bibliotek, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.  Midlane skal bli brukt til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg.

Møre og Romsdal fylkeskommune får overført tilskott til dette formålet frå Kulturdepartementet gjennom fordeling av spelemidlar. Fylkeskommunane får tildelt midlane etter folketal og areal i tillegg til ein fast sum som er lik for alle fylka.

Det var i alt åtte gosdkjende søknader med ein søknadssum på totalt 7,66 millionar kroner. Kultur- og folkehelseutvalet vedtok å tildele midlar til: Dalsfjord Fyrmuseum, Kårvåghallen, Rausand Gruvemuseum og Bygdaheim. 

Midlane vart fordelt slik: 

KommuneAnleggBeløp
VoldaDalsfjord fyrmuseum1 114 361
AverøyKårvåghallen1 600 000
NessetRausand gruvemuseum123 000
VestnesBygdaheim524 657 
Kommune: