Tre kreative gründerar får startstipend

  Frå venstre: Leiar av kultur- og folkehelseutvalet Marit Krogsæter, Wanda R. Tiersma, Øystein Frøyland, Guro Sollie Hansebakken, Jan-Erik Bakkelid (tok imot stipendet på vegne av Line Nakken) og leiar av regional- og næringsutvalet Runar Vestheim.   Møre og Romsdal fylkeskommune lyste i august ut tre startstipend á 100 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn som har ein god forretningsidé. Utlysinga er eitt av tiltaka i programsatsinga for kreative næringar som Møre og Romsdal fylkeskommune har i
Frå venstre: Leiar av kultur- og folkehelseutvalet Marit Krogsæter, Wanda R. Tiersma, Øystein Frøyland, Guro Sollie Hansebakken, Jan-Erik Bakkelid (tok imot stipendet på vegne av Line Nakken) og leiar av regional- og næringsutvalet Runar Vestheim. Møre og Romsdal fylkeskommune lyste i august ut tre startstipend á 100 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn som har ein god forretningsidé. Utlysinga er eitt av tiltaka i programsatsinga for kreative næringar som Møre og Romsdal fylkeskommune har i lag med Innovasjon Norge. Det kom inn i alt 14 søknadar. Glade stipendmottakarar -Vi er veldig stolte og glade for dette stipendet, seier Guro Sollie Hansebakken og Øystein Frøyland, som står bak filmproduksjonsselskapet Puffin
Møre og Romsdal fylkeskommune har delt ut tre startstipend à 100 000 kroner til tre gründerar som driv verksemd innafor kreativ næring i fylket. Dei tre gründarane er: filmproduksjonsselskapet Puffin Production frå Volda, kunstnar Wanda Rinske Tiersma frå Tingvoll og grafisk kunstnar Line Nakken frå Skodje.

Møre og Romsdal fylkeskommune lyste i august ut tre startstipend á 100 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn som har ein god forretningsidé. Utlysinga er eitt av tiltaka i programsatsinga for kreative næringar som Møre og Romsdal fylkeskommune har i lag med Innovasjon Norge. Det kom inn i alt 14 søknadar.

Glade stipendmottakarar

-Vi er veldig stolte og glade for dette stipendet, seier Guro Sollie Hansebakken og Øystein Frøyland, som står bak filmproduksjonsselskapet Puffin Production. Selskapet lagar både reklamefilm og dokumentarar med samfunnsaktuelle tema.

Wanda Tiersma frå Tingvoll er også svært nøgd med stipendet. Ho skal nytte det til å utvikle utstillinga Universe.

Line Nakken kunne ikkje vere tilstades, men sendte videohelsing frå England.
-Med ein fot i grafisk design og den andre i kunsten, får eg no høve til å vidareutvikle uttrykket mitt, seier ho.

Om startstipend kreativ næring

Stipendet er eit næringsstipend og er retta mot unge vaksne mellom 20 og 39 år med kreativ fagutdanning som ønskjer å tene pengar på talentet sitt. Søkaren må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal. Kreative næringar er definert som bransjane trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio. I handsaminga har vi lagt vekt på forretningspotensialet og i kva grad stipendet er ein utløysande faktor for å lukkast med drifta.

Det var leiaren av kultur- og folkehelseutvalet Marit Krogsæter og leiaren av regional- og næringsuvalet Runar Vestheim som delte ut stipendet. 

Emneord: