Opnar tre nye sentrumsgalleri for unge kunstnarar

I løpet av våren blir det opna tre nye galleri for unge kunstnarar, eitt i kvar av dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund. Dei første utstillingane vil vere klar før sommaren.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å bidra til at kunstnarar i alderen 20-39 år skal kunne tene pengar på kunsten sin. Det vart difor lyst ut midlar på kr. 1,5 mill. kroner som skal gå til drift av tre galleri i to år.

Det kom inn i alt 13 søknader, og tre av desse vart plukka ut. Dei som skal drive galleria er:

 

  • Kristiansund: Nordic Light Events AS
  • Molde: Maria Sandsmark, Bente Sellevoll og Hilde Brunvoll
  • Ålesund: Aldis Gunnarsdóttir

Kvar av galleria vil motta kr. 500 000.- frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frå gråpapir til galleri

Eit av kriteria i søknaden var at galleria skal ligge i sentrum av dei tre byane. Drivarane av galleria arbeider no for fullt med å skaffe ledige lokale, og dei første utstillingane vil vere klar i løpet av våren. Namn på galleria og opningstider vil bli annonsert seinare.

Viktig med satsing for unge kunstnarar

Galleri for unge kunstnarar er eit tiltak i Program for kreative næringar i møre og Romsdal 2013-2016. Programmet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge.

-Vi ser at det er mange som tek utdanning innafor dei kreative faga, men manglar arbeidsplass i Møre og Romsdal, seier leiar for styringsgruppa, Randi Asbjørnsen.

-Behov for utstillingslokale for unge kunstnarar er også løfta fram av kunstnarane sjølve.

Fakta

Kreative næringar (kulturnæringar) er ein viktig del av norsk økonomi. Bransjane som inngår i den nasjonale definisjonen av kreative næringar er: trykte medier, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto og spel, design og tv/radio. 

Emneord: