Påskerock med Lurivar

Lurivar i utstillinga. Foto: Sunniva Lund Osdal. Ivar Aasen-tunet.
Lurivar i utstillinga. Foto: Sunniva Lund Osdal. Ivar Aasen-tunet.
Tunkatten Lurivar. Foto: Sunniva Lund Osdal. Ivar Aasen-tunet.
Tunkatten Lurivar. Foto: Sunniva Lund Osdal. Ivar Aasen-tunet.
Ordspion og tunkatt Lurivar har funne eit magisk påskeegg, men han får ikkje opna det utan eit løysingsord. Ligg løysinga gøymd ein stad eller må ein kanskje lytte seg fram til moglege svar? Ta med deg familien til Aasen-tunet i påska og bli med på ei engasjerande framsyning.

Dei fleste gleder seg til påske, men tunkatten Lurivar gleder seg kanskje mest av alle! Kvar påske får han besøk av mange barn i Ivar Aasen-tunet, der han bur, og denne gangen treng han hjelp til å løyse eit stort påskemysterium! For å hjelpe Lurivar blir alle barna inviterte inn i den råflotte salen. Der skal dei også få rocke laus til kul musikk, spele luftgitar og sjå på Lurivar si splitter nye bok.

– Det er stor stas at det for første gang har kome ei Lurivar-bok! seier formidlar Ida Aarflot Kornberg. Ho ser fram til å ta i mot mange barn til Aasen-tunet denne påska, og minner om at alle som løyser billett kan bli så lenge dei vil og utforske museet.

I kafeen blir det mellom anna sal av muffins, kakao og pølser til grilling på bålpanne. Kombiner gjerne besøket til Aasen-tunet med ein familievenleg tur langs den nye ordløypa opp til Høgetua. Og alle som vil skal sjølvsagt få potesignert bok.

Arrangementet passar for born i alderen 3-9 år.

Emneord: 
Kommune: