Første folkebibliotek i Digitalarkivet

Foto: Plakat, Haugesund folkebibliotek
Foto: Plakat, Haugesund folkebibliotek
Sidan Digitalarkivet opna for sjølvbetent publisering 17. september er mange institusjonar i gang med å gjere arkiva sine tilgjengeleg for alle. Haugesund folkebibliotek er første folkebibliotek i Noreg som publiserer arkiva sine i Digitalarkivet.

Som første folkebibliotek i Noreg er Haugesund folkebibliotek godt i gang med å publisere sine rederiarkiv i Digitalarkivet. 
– Eg ser på det å publisere i Digitalarkivet som ein kjempemoglegheit for oss. Det er viktig å gjere desse kjeldene tilgjengeleg fordi dei er ein viktig del av ikkje berre Haugesunds historie, men også Noregs historie. Dei kan fortelje oss om økonomisk historie gjennom to verdskrigar, og er på mange måter beskrivande for Noreg som sjøfartsnasjon gjennom alle dei ulike næringane som er ein del av drifta. Eg veit av erfaring som lokalhistorisk bibliotekar at dette er etterspurt materiale både for forskarar, slektsgranskarar og lokalbefolkninga i Haugesund, som alle har sjøfartsblod i årene på eit eller anna vis, seier Siri Vikse, teamleiar Utvikling ved Haugesund folkebibliotek.

Les meir om "Rederiarkivene - Haugesund" på arkivverket.no

 

Fleire nye arkivinstitusjonar på plass  

Sidan Arkivverket opna Digitalarkivet for sjølvbetent publisering har mange nye arkivinstitusjonar meldt sin interesse. Under finn du oversikt over kven som alt har registrert seg på Digitalarkivet. Klikk på lenkene for å sjå kva kjelder som er publiserte:


Ynskjer di verksemd å vere med?

Les meir om korleis du går fram for å ta i bruk den sjølvbetente løysinga


Første møte med Brukarrådet

Utviklinga av Digitalarkivet som ei nasjonal fellesløysing skal involvere brukarane, slik at løysinga og arbeidsprosessane vert utvikla i tråd med brukarbehova. Arkivverket har difor etablert eit Brukarråd.
Første møte fann stad denne veka, og Arkivverket delte her sine ambisjonar og mål for Digitalarkivet, og informerte om tenester for deling og publisering.
Både kommunar, fylkesarkiv, byarkiv, interkommunale arkivinstitusjonar, museum og bibliotek er positive til å bruke Digitalarkivet, og seier alle at dei lenge har sakna ei fellesløysing for publisering. 
I dag kan ikkje arkivskaparar laste opp arkiv i Digitalarkivet som er yngre enn 100 år. Brukarrådet informerte om at dei har mykje arkiv som ligg og ventar på å bli lagt ut, men som vert hindra av 100-årsregelen. Arkivverket kunne informere om at det pågår eit arbeid med å moderere regelen, og at det er eit felles ønske om ei rask avklaring. Meir informasjon om dette vil kome på nyåret. 

Digitalarkivets Brukarråd består av:

  • Representant  for kommunar og fylkeskommunar:  Synnøve Grenaker (Nord Odal kommune) med Ola Vikland (Trondheim byarkiv) som fast møtande vara. 
  • Representant for museer:  Ingebjørg Kopperud Eidhammer (Norsk Teknisk Museum) med Per Olav Torgnesskar (Museene i Akershus) som vara . 
  • Representant for privatarkivinstitusjonar:  Max Tønnessen (Arbark) med Mads Langnes (Romsdalsmuseet) som vara. 
  • Representant for bibliotek:  Siri O. Vikse (Finnmark fylkesbibliotek f.o.m. 2020) med Tone Eli Moseid (Tønsberg og Færder bibliotek) som vara.
  • Representantar for  interkommunale arkivinstitusjonar:  Snorre Øverbø (Aust-Agder Museum og Arkiv) med Knut Kjosås (IKA Hordaland) som vara. 
  • Representant for fylkesarkiv:  Annette Langedal Holme (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) med Aasta Karlsen (Arkiv i Nordland) som vara.
  • Representant for byarkiv:  Øystein Eike (Oslo byarkiv) med Ola Vikland (Trondheim byarkiv) som vara.


Om Digitalarkivet

Digitalarkivet er Arkivverkets fellesløysing for lagring og publisering av historiske data. Alle institusjonar som oppbevarer arkivmateriale kan nå publisere i Digitalarkivet.
Digitalarkivet er under utvikling og vil på sikt tilby mange fleire tenester enn i dag. Opplastinga er sjølvbetent og Digitalarkivet handterer både digitaliserte papirarkiv og audiovisuelle arkiv.
Digitalarkivet legg til rette for at Noregs befolkning skal kunne søke og hente fram digitalt innhald i statlege, kommunale og private arkiv frå alle delar av landet, på ein stad.

Lokal historie har nasjonal verdi. Vi håpar difor at så mange som mogeleg ynskjer å gjere sine arkiv tilgjengeleg på Digitalarkivet. Slik får heile Noreg tilgang til kulturarven.

Har du andre spørsmål om Digitalarkivet? Sjå gjerne Ofte stilte spørsmål. Du kan også kontakte oss på digitalarkivet@arkivverket.no.
 

Emneord: 
Kommune: