ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Forutan bøker, vil det på denne turen bli tilbod om ulike framsyningar. Det vil vere med to ulike formidlarar, og dei vil skreddarsy førestillingar til ulike aldersgrupper. Frå den 14. til og med 22., skal Epos vitje Søre Sunnmøre, og då er Torun Tusj med. -Ho er eit leikande teatermenneske med mykje humor. På denne delen av turen vil ho spele jubileumsførestillinga som ho laga til båten si 50-årsfeiring i fjor haust. Målet er at enno fleire skal få oppleve denne framsyninga, seier Hilde Gjessing som er ansvarleg for boksamlinga på båten.
23. januar til og med 6. februar vil Trygve Ramnefjell være med. – Trygve Ramnefjell arbeider til dagleg på bokbussen i Oppland, men vi har no fått låne han på bokbåten. Trygve er ein eminent formidlar som ikkje berre fortel historier, men han spelar dei så bra at det nesten ikkje er til å tru, fortel Gjessing . – Han er både songar, fløyte- og munnharpespelar, skodespelar og forteljar, som skriv historiene sine sjølve. Han er med i visegruppa Grove Horn og fekk sølv i NM i forteljarkunst i 2012, så er blir det gode opplevingar, avsluttar ho.
Begge førestillingane passer for barn frå tre år. Båten er som vanleg fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. Det nyaste er stjernesekkar, som inneheld bøker og visuelle effektar om verdsrommet.
Følg båten og sjå bilete og skildringar frå turen på: www.bokbaten.no eller på facebook
Detaljert ruteplan finn du her
Informasjonen finn du også her
Kontaktar:
Hilde Gjessing tlf 70162274, 90799245
Fylkesbiblioteket : 70162270
Bokbåten Epos: tlf 97054576
Dato | Kva |
---|---|
19 feb |
Marianne Heske og Brigitte Stolpmann KHÅK Kunsthall |
19 feb |
"Vi er stedene" Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE |
20 feb |
Hessa skole - FARGER Parken Kulturhus |
20 feb |
Marianne Heske og Brigitte Stolpmann KHÅK Kunsthall |
20 feb |
"Vi er stedene" Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE |
21 feb |
Marianne Heske og Brigitte Stolpmann KHÅK Kunsthall |
21 feb |
"Vi er stedene" Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE |
21 feb |
Hessa skole - FARGER Parken Kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no