Stadnamn frå Sunndal kommune på nett!

Stadnamn Sunndal
Almhjellkvernhuset er eit av monge stadnamn. Skjermdump frå databasen.
almhjellkvernhuset
Almhjellkvernhuset markert med raudt. Skjermdump frå databasen.
flyfoto
Almhjellkvernhuset på flyfoto. Skjermdump frå databasen.
I samband med Stadnamnprosjektet, leia av Peter Hallaråker ved Høgskulen i Volda, vart det for over 20 år sidan samla inn stadnamn i Sunndal kommune. Sunndal kommune har eit areal på heile 1711 km2 og er såleis den største kommunen i fylket når det gjeld areal.

Arbeidet vart gjort av lokal kjende og systematisk ført i lister og merka av på kart. Det var daverande kulturkonsulent Per Helge Malvik som administrerte arbeidet på ein god måte og stod i brodden for framdrifta av arbeidet.

Denne unike samlinga med over 7900 stadnamn ligg nå tilgjengeleg på nett. Stadnamntettleiken pr. kvadratkilometer er 5 namn.

Arbeid med klargjøring av lister, kart og koordinering av arbeidet er gjort av Kulturnett Møre og Romsdal i samarbeid med Ole Magne Ansnes i Sunndal kommune. Digitaliseringa er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og samla i Stadnamnbasen for Møre og Romsdal.

Stadnamnbasen finn ein under fana Databasar og regionale databasar.

Emneord: 
Kommune: